Søknad om anleggsarbeid i sjø for rehabilitering og utviding av molo i Gaupnefjorden i Luster kommune
- Høyringsfrist:
- 18. desember 2024 23:00
Luster kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å rehabiltere og utvide eksisterande molo.
Luster kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å rehabilitere og utvide eksisterande molo i Gaupnefjorden. Luster kommune har i den vedlagde søknaden beskrive arbeida, gjort ei risikovurdering av anleggsarbeida ut frå kjende marine naturtypar, og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå.
Anleggsarbeidet omfattar utfylling i sjø. Arbeida skal gjennomførast for å rehabilitere den eksisterande moloen og forlenge den med om lag 30 meter sørover. Moloen ligg i Gaupne i Luster kommune, og det planlagde tiltaket omfattar eigedom med gards- og bruksnummer 81/9. Forlenginga av moloen vil inkludere nytt filterlag, plastring og tilføring av sprengstein frå den eksisterande moloen. Arbeidet inneber utfylling av om lag 1 300 m³ i eit sjøareal på om lag 500 m². Prosjektet har førebels ikkje fastsett tidspunkt for oppstart eller varigheit på arbeidet.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/16133. Frist for å gje fråsegn er 18. desember 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 18. desember 2024 23:00