Vi startar nytt skogvern på Ospehåjen, vest for Hundvika, i Stad kommune

Høyringsfrist:
10. august 2024 23:59
skogsbilete med grøne blad og urskog med daude tre
Ospehåjen er eit område vest for Hundvika i Stad kommune der vi finn eit rikt mangfald av natur. Det er registrert sjeldne, truga og sårbare artar og raudlista naturtypar som til dømes frisk rik edellauvskog i området. Foto: Biofokus/ Maria K. Hertzberg.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Ospehåjen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 10. august 2024.

Publisert 03.07.2024

Etter dialog med grunneigarane og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern for eit nytt naturreservat ved namn Ospehåjen i Stad kommune i Vestland fylke. 

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Kor er Ospehåjen og kva areal ligg inne i tilbodet?

Tilbodsområdet Ospehåjen ligg langs ei fjordside i midtre Nordfjord, på vestsida av grenda Hundvika i nærleiken av Nordfjordeid, Stad kommune. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 18/1-4 og er eit sameige med fire private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Ospehåjen som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern.

Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 590 dekar. Av dette er om lag 487 dekar produktiv skog. Vi har redusert arealet mot fjellet i nord og utelete kraftlinja både ved fjorden og i fjellet frå det arealet vi vel å gå vidare med. Sjå utkast til vernekart til høgre i denne artikkelen.

Kva verneverdiar finn vi i Ospehåjen?

Området ligg i ei bratt, sørvendt liside i ein gradient frå fjorden og opp mot fjellet på nordsida av Nordfjorden i Stad kommune. Tresjiktet er rikt og varierer frå ganske storvaksne furutre iblanda bjørk, rogn , osp og selje i høgda, mens det i nedre del mot fjorden veks meir varmekrevjande treslag som hassel, alm, lind, svartor og eik. Arealet inneheld fire ulike raudlista naturtypar, tre av dei er ulike utformingar av edellauvskog (høgstaude edellauvskog, frisk rik edellauvskog og lågurtedellauvskog) og den fjerde er kalk- og lågurtfuruskog.

Daud ved finst jamt spreidd, men kontinuiteten er relativt låg. Mange store, gamle tre i kombinasjon med gode vekstforhold gjer at det truleg kjem til å bli betre tilgang på daud ved på relativt kort sikt. Større delar av arealet har rik vegetasjon, og fleire kravfulle artar er registrert. Av 12 raudlista artar er 8 nær truga (NT) og ein er sterkt truga (EN). Det er potensial for å finne fleire. For å få oversikt over registrerte artar, sjå rapporten frå skoganalyse i høgrefana.

Ospehåjen bidreg til å fylle manglar i skogvernet knytt til høgare bonitetar, raudlista naturtypar og raudlista artar, særleg knytt til hasselkratt og delvis ospedominert skog og gamal furuskog. Området ligg dels i lågareliggjande område, og i sørboreal, boreonemoral og nemoral vegetasjonssone, som også er mangelfullt dekt i skogvernet. Tilbodsområdet har høgt naturmangfald særleg knytt til kalkrik mark og edellauvskog, samt store, gamle tre av osp og rogn.

Vi har redusert arealet mot fjellet i nord, og utelete kraftlinja frå det arealet vi vel å gå vidare med.

utsyn frå oppe i lia nedover mot fjorden med masse skog langs fjellsida
Ospehåjen er bratt, og vi har ikkje registert at det er turstiar i området. Det er likevel sau på beite og hjortejakt i den bratte lia ved Nordfjord. Vi har redusert arealet for å unngå kraftlinjer. Foto: Biofokus/ Maria K. Hertzberg.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,2 prosent av skogen i fylket verna til no er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Ospehåjen som naturreservat vil ein komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Ospehåjen som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Brukarinteresser

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Eventuelle kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Vi har ikkje registrert stiar i området som er brukt eller markert på kart. Området er i bruk som beiteområde for sau i dag, og det er hjort i området.

Det er eit felt med gran nede ved fjorden som kan bli fjerna for å sikre verneverdiane etter vernevedtak. Vi tek atterhald om endringar på namnet av området, då vi ikkje ser att namnet «Ospehåjen» på våre kart. Det er likevel eit namn grunneigarane har brukt om området. Språkrådet kan ha viktige innspel om namnsetting.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 10. august 2024.

For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart, utkast til vernereglar og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.