Søknad om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til bygging av sykkelvegbru over Apeltunelva i Bergen

Høyringsfrist:
19. august 2024 23:00

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i og ved Apeltunelva i Bergen. Det skal byggjast ei ny sykkelvegbru. 

Publisert 05.07.2024

Statens vegvesen har risikovurdert arbeida og søkjer om ei rekkje avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad for bl.a sjøauren.

Anleggsarbeida startar hausten 2024 og er ferdig august 2026. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/10464. Frist for å gje fråsegn er 19. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn