Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø for utviding av næringsareal - Trolleskjæret AS i Kinn kommune

Høyringsfrist:
12. august 2024 23:00

Trolleskjæret AS skal utvide industriområdet på eigedom gnr/bnr. 28/1028 i Kinn kommune basert på utfylling i sjø. Det utvida arealet trengs fordi det er behov for nye sjønære næringsareal og attraktive hamnefasilitetar for å ta høgde for framtidig vekst og langsiktige satsingar innan næringar i regionen. 

Publisert 03.07.2024

Det skal fyllast ut ca. 171 000 m3 stein over eit sjøbotnareal på ca. 20 000 m2. Utfylling skal skje frå sjø med lekter. Det skal i første omgang nyttast sprengstein frå Kystverkets pågåande utdjupingsprosjekt i innseglinga til Florø. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/10198. Frist for å gje fråsegn er 12. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn