Søknad om anleggsarbeid i sjø - oppgradering containerhamn - Elkem Bremanger i Bremanger kommune

Høyringsfrist:
5. august 2024 23:00

Elkem Bremanger søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø. Elkem Bremanger skal leggje til rette for at større containerskip skal kunne leggje til kai. Det skal etablerast ein dykdalb med pullerter (fortøyingsinnretningar) ved den eksisterande kaien.

Publisert 19.06.2024

Ein del av tiltaket er òg å erosjonssikre eksisterande utfylling. For å få tilstrekkeleg plass til erosjonssikringa er det naudsynt med mudring. Det skal mudrast om lag 1 100 m3 massar som skal takast på land, avvatnast i renseanlegg og deretter leverast til godkjend mottak. Erosjonssikringa består fyrst av 30 cm sand, før eit 50 cm filterlag av kult (sprengstein) og avsluttast med eit meter tjukt lag med sprengstein. Massane vert tekne opp og lagde ut primært frå lekter ved bruk av gravemaskin med lang arm. Dykdalbane består av stålrørspeler som vert bora ned og der boreslam vert samla opp og levert til godkjend mottak.

Norconsult har risikovurdert tiltaka og søkt om bruk av ei rekkje avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining, sjå vedlagte søknad. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/8895. Frist for å gje fråsegn er 5. august 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn