Høyring av frivillig skogvern i Eimhjellen i Gloppen

Høyringsfrist:
10. juli 2024 23:59
ein bekk mellom grøn vegetasjon og tre mot himmelen
Det er stor variasjon i landskapet i Eimhjellen. Fleire bekker finn vegen gjennom området frå fjellet og mot innsjøen. Arealet ligg i sterk oseanisk seksjon, som indikerer at det er høg humiditet eller vassmetting i lufta. Fuktig havluft kjem inn over land og vatnet blir "slept" når skyene blir avkjølt i møtet med høge fjell. Foto: Vebjørn Enerstvedt /AT Skog.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Eimhjellen naturreservat i Gloppen kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 10. juli 2024.

Publisert 07.05.2024

Det føreslegne naturreservatet i Eimhjellen er lokalisert på gards- og bruksnummer 24/1, 24/2, 24/3, 24/4, 24/5, 24/6, 24/7, 24/8, 2411, 24/12, 24/14 og 24/15 i Gloppen kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 6060 dekar. Av dette er kring 5223 dekar skogdekt, og om lag 4511 dekar er produktiv skog.

Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Det har kome endringar i arealet etter oppstartsmeldinga, og vil kunne kome ytterlegare justeringar før tilråding.

Bakgrunnen for skogvernet i Noreg

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)) vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per januar 2024 var omlag 5,3 prosent av skogarealet og ca. 4 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har verna 3,3 prosent av skogen i Vestland. I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva for å ha stor positiv effekt på trua artar i skog. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog.

Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget.

lågt skydekke over ein gamal skog med utsyn og ein person på tur
Eimhjellen er eit nasjonalt verdifullt naturområde som både husar regnskog og rik edellauvskog. Her trivst artar som er uvanleg sjeldne, som til dømes den kritisk truga nipdraugmosen. Den trivst berre her og eit fåtalls andre stader som i Skottland og i Himalaya. Foto: Vebjørn Enerstvedt/ AT Skog.

Artsdatabanken, som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre vestlandsnaturen for framtida.

Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane i kandidatområdet Eimhjellen, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivaretekne.

Kor ligg Eimhjellen?

Kandidatområdet Eimhjellen ligg mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Det føreslegne naturreservatet er lokalisert i ei nordvendt li som strekk seg frå Krokstadvatnet over Lonene og langs Storfjorden/Endestadvatnet i det sørvestlege hjørnet av Gloppen kommune.

Det er eit stort og samanhengande areal i sørboreal og mellomboreal sone, plassert i sterk oseanisk seksjon. Berggrunnen består av næringsrike berg som metasandstein og glimmerskifer, og eit belte av fylitt. Området er eksponert for vind og vêr, og det renner fleire bekker og elver i lisida.

Nye artar for vitskapen er oppdaga i skogane ved Eimhjellen

Feltarbeidet som ligg til grunn for rapporten over området ble gjennomført av Geir Gaarder, Helge Fjelstad og Ulrike Hanssen i samband med prosjekt Kystfuruskog i 2015. Kartlegginga var utført på oppdrag frå Miljødirektoratet, les meir ved å følgje denne lenkja. Området har også vore undersøkt  tidlegare. Vi har vurdert at det ikkje var naudsynt med nye supplerande kartleggingar etter å ha motteke tilbodet om areal til skogvern fordi vi vurderer at kunnskapsgrunnlaget er godt nok til å vurdere området som verneverdig.

Nye artar er oppdaga for vitskapen i dette området, som til dømes nipdraugmosen (EN, sterkt truga på den norske raudlista), som vart oppdaga og skildra første gang her av E. Jørgensen i 1902. Huldrestry (i same nabolag, i Brandatjørna naturreservat) vart oppdaga ny for Vestlandet av Kavli i 1970.

Regnskog og svært sjeldne artar trivst i Eimhjellen

Kandidatområdet Eimhjellen er lokalisert i ei nordvendt li som strekk seg frå Krokstadvatnet over Lonene og langs Storfjorden/Endestadvatnet i det sørvestlege hjørnet av Gloppen kommune. Det er eit stort og samanhengande areal i sørboreal og mellomboreal sone, plassert i sterk oseanisk seksjon. Berggrunnen består av næringsrike berg som metasandstein og glimmerskifer, og eit belte av fylitt. Området er eksponert for vind og vêr, og det renner fleire bekker og elver i lisida.

Eimhjellen dekker god variasjon skog med både furu, boreal lauvskog som bjørk og osp, samt varmekjære treslag som eik og alm med god aldersvariasjon. Gjennomgåande har området fleirsjikta eldre skog, det er stadvis storvaksen og grov skog, samt område med gadd og lægder. Området er i stor grad urørt. Sjølv om det er fattig furuskog som dominerer er det også lauvskog, med både boreal utforming og enkelte bestandar av varmekjære treslag av eik og alm, særleg i austre delar av kartleggingsområdet.

nærbilete av mose
Nipdraugmosen vart først oppdaga for verden i 1902 av E. Jørgensen i skogen på Eimhjellen. Arten er kategorisert som kritisk truga på den norske rødlista, og har same status som til dømes panda på Tibet-platået og skilpadder på Galapagos. Grunneigarane og tidlegare generasjonar har forvalta området slik at det er store og intakte naturverdiar her. Foto: Geir Gaarder.

Eimhjellen dekker både raudlista artar og raudlista naturtypar. Det er store areal av boreal regnskog med furu, samt fattig boreonemoral regnskog i dei nedre delar av lisidene. Også rik og gamal edellauvskog er registrert innanfor oppstartsarealet som t.d. gamal almeskog. Innanfor kandidatområdet er det registrert 13 ulike raudlista artar, mellom andre nipdraugmose (EN) og kystkantlav (EN). Nipdraugmose (du kan lese meir ved å følgje denne lenkja) har både nasjonal og internasjonal interesse, og andre artar er regionalt sjeldne. Det er eit klart potensial for å finne fleire krevjande og raudlista artar.

Skogen ved Eimhjellen skårar høgt og er nasjonalt verdifull

Med bakgrunn i mangelanalyser i skogvernet skårar Eimhjellen høgt på dekning av regnskogsmiljø, i tillegg til at området inkluderer andre kvalitetar knytt til kystnære skogmiljø og edellauvskog. Området dekker også manglar i skogvernet ved at over halve arealet har høg eller særs høg bonitet. Eimhjellen er samanhengande, lågtliggjande og stort. Området er del av eit større areal som også går inn i Kinn kommune som vart vurdert som eit seks-stjerners område i kystfuruskogskartlegginga i 2015. Vi vurderer området til å vere nasjonalt svært verdifullt og viktig å prioritere til vern.

Sjå lenkjer til kartleggingar og omtale av naturmangfaldet til høgre i denne artikkelen.

skogslandskap med daude tre på kryss og tvers
Biletet syner frodig almeskog med både levande og daude tre innanfor Eimhjellen. Alm er eit treslag som gir leveområde til mange artar som har spesialisert seg på ulike livsfaser av levande og døde tre. Dette området er svært urørt og har høg skår på treslagsfordeling, noko som gir høg samla verdi i kartleggingsrapporten. Foto: Helge Fjeldstad.

Heimelsgrunnlag og konsekvensar av vernet

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep.

Vernekategorien naturreservat i § 37 er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt for Eimhjellen. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Ein skal også kunne halde eksisterande turstiar ved like. Omtale av brukarinteresser og innspel til oppstartsmeldinga kan du finne i høyringsdokumentet til høgre. Du kan også lese framlegg til verneforskrift og kart med føreslegne grenser. 

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern vi sender til Miljødirektoratet.

Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Frist for å kome med innspel er 10. juli 2024.

I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom du finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.

ein hakkespett på ei gamal trestamme
Hakkespettar er nøkkelartar som trivst godt i gamal skog der det er godt med daud ved. Denne kvitryggspetten treng gamle tre den kan hakke hol i for å etablere reir, i tillegg finn den godt med insekt i gamalskogen. Spettane våre er ikkje trekkfuglar, og dei nyttar som regel berre holet sitt eitt år. Etter det kan andre fugleartar som til dømes meiser, stær, ugler og duer flytte inn i holet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.