Søknad om anleggsarbeid i sjø - ny containerhamn Måsholmen i Kinn kommune -
- Høyringsfrist:
- 20. juni 2024 23:00
Måsholmen Utvikling AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket er å etablera eit nytt hamne- og næringsområde ved Måsholmen-Håskjera. Det er planlagd ei ny containerhamn med djupvasskaiar som kan ta imot skip opp til 150 meters lengde.
Anleggsarbeida omfattar utfylling av 1,14 millionar m3 utfyllingsmassar over 129 000 m2 sjøbotn. Det skal i fyste omgang takast imot overskotsmassar frå Kystverkets utdjuping i innseglinga til Florø, der massane vert levert med lekter. Det skal også utførast undervassprenging ned til kote minus 10 for å oppnå djupne framfor kai. Undervassprenging er berekna til å utgjere ca. 7 000 m3 stein over 2 200 m2 sjøbotn. Arbeida er planlagt gjennomført frå sommar/haust 2024-2027.
Asplan Viak har i sin rapport (til høgre) "konsekvensutredning marin del" kapittel 8 (side 28) føreslått 10 avbøtande tiltak for gjennomføring av arbeida i sjø.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/4957. Frist for å gje fråsegn er 20. juni 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 20. juni 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Dokument
- Høyringsbrev Måsholmen.pdf
- Søknadsskjema anleggsarbeider i sjø.pdf
- Måsholmen - Håskjera Konsekvensutredning marin del.pdf
- Miljøgeologiske grunnundersøkelser i sjø Multiconsult.pdf
- Massehandteringsplan.pdf
- Kartleggingsrapport Måseholmen Masseberegning.pdf
- Kartleggingsrapport havbunn ekkolodd Veseth.pdf
- Kart og tverrprofiler.pdf
- Innledende geotekniske vurderinger - Multicoonsult.pdf
- Geoteknsik notat Veseth.pdf
- Geoteknisk Datarapport Multiconsult.pdf