Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) - område Midt - søknad løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid
- Høyringsfrist:
- 10. mai 2024 23:00
Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Midt. Høyringsfrist er 10. mai 2024.
Om søknaden
FAS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i område Midt, som er frå Vaksdal til og med Trengereid i Vaksdal og Bergen kommune. Dei førebuande arbeida gjeld etablering av permanent massedeponi på Trengereid for ikkje forureina massar. Arealet vil i ein periode fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar og reinsing av tunnelvatn frå driving av 2,9 km tunnel.
Oversikt over aktivitetar i område Midt
Oversikt over aktivitetar i søknadsområde Midt som FAS søkjer om løyve til i denne søknaden, og aktivitetar som kjem til å bli omsøkt på seinare tidspunkt. For aktivitetar som kjem til å bli omsøkt seinare inkluderer oversikta hovudaktivitetar i prosjektet, men er ikkje uttømmande.
Kartutsnitt fra Trengereid. Sort stipla strek markerar ny veg og jernbane i Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS). Sprengsteinsdeponi markert med grått.
Om anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS)
Anleggsarbeida for Fellesprosjektet Arna – Stanghelle (FAS) er delt inn i to hovudfasar:
- Førebuande arbeid (oppstart 2024 – første halvår 2026)
- Hovudprosjekt (forventa avslutta 2034)
Tiltaksområdet er oppdelt geografisk i fire område som vist i figur 3. Statens vegvesen søkjer om løyver for anleggsarbeidet i førebuings- og hovudprosjektfase etter denne inndelinga. Inndelinga i søknadsområde er basert på typen resipient, typen anleggsarbeid og den geografiske entreprisedelinga i hovudprosjektet. For kvart søknadsområde vil det bli sendt inn fleire delsøknader om utviding/endring av gjeldande løyve i løpet av anleggsperioden. Delsøknadene vert sendt inn kontinuerleg, avhengig av framdrifta i prosjektet.
Oversikt inndeling i søknadsområde Vest, Midt, Øst og Sørfjorden, Kjelde: Statens vegvesen
Søknader om fire nye løyver og ein søknad om endring
Statsforvaltaren mottok 22. mars 2024 fire nye søknader om løyve og ein søknad om endring som vert sende på høyring som eigne saker. Nedanfor er ein oversikt:
- FAS Vest – arbeid knytt til etablering av riggområde på Espeland nord med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar. SFVL saksnummer 2024/4959
- FAS Midt – arbeid knytt til etablering av permanent massedeponi på Trengereid for ikkje forureina massar som i ein periode vil fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar og reinsing av tunnelvatn frå driving av 2,9 km tunnel. SFVL saksnummer 2024/4958 (Denne saka)
- FAS Øst – arbeid knytt til permanent massedeponi for sprengstein på Dalehagen som i ein periode vil fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar. SFVL saksnummer 2024/4960
- FAS Sørfjorden – arbeid knytt til etablering av dei tre sjaktene for nedføring av overskotsmassar til sjødeponi (Fossneset/Gamle Fossen, Langhelleneset og Naustvika) herunder undervasssprenging og reinsing av tunnelvatn. SFVL saksnummer 2024/4961
- FAS Sjødeponi - Løyve til sjødeponi blei gjeve 19. juni 2023 og er søkt endra som følgje av endra lokalitet for sjødeponi i Bergen kommune og endra nedføringsløysning. SFVL saksnummer 2019/20103
Offentleg ettersyn
Søknad om løyve etter forureiningslova med risikovurdering og vedlegga finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/4958. Frist for å gje fråsegn er 10. mai 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 10. mai 2024 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35