Hardanger Biogass AS søkjer om løyve til etablering av biogassanlegg på Husnes
- Høyringsfrist:
- 19. april 2024
Dei søkjer om å ta imot inntil 120 000 tonn substrat på Husnes i Kvinnherad. Frist for uttale til søknaden er 19. april 2024.
Biogassanlegget skal handtere husdyrgjødsel og fleire andre substrat
Søknaden gjeld behandling av inntil 75 000 tonn husdyrgjødsel, 12 000 tonn fiskeslam, 20 000 tonn fiskeensilasje, 1750 tonn frityr/feitt frå feittutskiljar og 6500 tonn glykol.
Bruk av bioresten
I søknaden skisserer Hardanger Biogass AS at bioresten skal brukast lokalt i landbruket som gjødsel, og at det også skal utviklast produkt av bioresten som kan brukast andre stader i landet.
Luktreinsing
Hardanger Biogass AS planlegg å reinse lukta som vil oppstå i anlegget gjennom luktreinsetrinn.
I luktreinsinga er det lagt eit ekstra fokus på lukt frå mottakstank for fiskeensilasje. Det er planlagt at avtrekk frå denne tanken vert ført til eit filter med termisk oksidasjon som brenn av gassane. Luftstraumen vil bli ført vidare til samlekasse og mineralsk biofilter for vidare reinsing.
Det er planlagt at luftstraumar frå tankar med husdyrgjødsel, fiskeslam mv. skal ha ei forbehandling i eit mineralsk forfilter. Det er planlagt at reinsa luft skal førast ut i ein 20 meter høg skorstein. Det er gjennomført ei luktspreiingsanalyse. Den finn ein i søknaden som ligg vedlagt.
For å dokumentere reinsinga av luftstraumane planlegg Hardanger Biogass AS å måle på fleire luktindikatorgassar etter dei ulike reinsetrinna, i tillegg til å gjennomføre luktmålingar med luktpanel.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/15542. Frist for å gje fråsegn er 19. april 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 19. april 2024
Kontaktpersonar
Dokument
- Søknad om tillatelse etter forurensningsloven - Hardanger Biogass.pdf
- Vedlegg A_Oversikt over naboer og eiendommer i nærheten av anlegget.pdf
- Vedlegg B_Prosessflytdiagram.pdf
- Vedlegg C_Skjema gjenbruk av vann og avløp kommunalt nett Hardanger Biogass.pdf
- Vedlegg D_Samsvarsliste BAT-konklusjoner - Hardanger Biogass.pdf
- Vedlegg E. Miljørisikovurdering Hardanger Biogass_06.02.2024.pdf
- Vedlegg F_A Spredningsberegning lukt Hardanger.pdf
- Vedlegg F.B Luktreduksjon endelig versjon.pdf
- Vedlegg F_Underlag for søknad til Statsforvalter_luktvurdering Hardanger.pdf
- Vedlegg G_Rapport utråtningsforsøk.pdf
- Vedlegg H_Notat NIBIO_Vurdering biorest_25092023 - revidert.pdf
- Vedlegg I_Notat Vireo_Kontroll med substrat inn og biorest ut.pdf
- Vedlegg J_Støyutredning.pdf
- Vedlegg K_Miljøteknisk grunnundersøkelse.pdf