Søknad om mudring, dumping og utfylling i sjø. Skårastranda Kinn kommune

Høyringsfrist:
18. mars 2024 23:00
Kart som syner tiltaksområdet (planområdet)

Skårastranda AS søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø på vestsida av Ulvesundet, ca. 1 km nord for Måløy tettstad. 

Publisert 18.02.2024

Tiltakshaver ynskjer å utvide næringsarealet med 50 000 m2 ved å nytta inntil 400 000 m3 sprengsteinmassar frå Stad skipstunnel. For å skikre geoteknisk stabilitet i fyllinga må anslagsvis 70 000 m3 bonsediment fjernast ved mudring. Multiconsult har i søknaden vurdert fare for forureining og negativ påverknad på marint liv og søkt om avbøtande tiltak ved utføring av anleggsarbeida. Anleggsarbeida skal skje september til februar og dermed utanom  gytetida for torsk. Det skal primært nyttast siltgardin rundt utfyllinga og eventuell spreiing av partiklar skal overvakast med turbiditetsmålingar.  Mudra massar skal søkjast deponert innenfor Kystverkets løyve til dumping av massar frå Stad skipstunnel i Moldefjorden i Stad kommune. 

Detaljreguleringsplan for tiltaket er ikkje vedteken, men planen har vore på høyring og plandokumenta kan lesast ved å følgje denne lenka. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/2809. Frist for å gje fråsegn er 18. mars 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn