Høyring av frivillig skogvern for Helleren (Galdane) i Lærdal
- Høyringsfrist:
- 15. februar 2024 23:59
Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Helleren naturreservat (tidlegare kalla Galdane) i Lærdal kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 15. februar 2024.
Framlegget vårt til skogvernområde, Helleren naturreservat, er lokalisert på gards- og bruksnummer 48/1 i Lærdal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Området er lokalisert i ei varm, sørvendt li langs Lærdalselva, der dalføret er på sitt trongaste.
Høyringa gjeld eit areal med storleik på 833 dekar. Høyringsdokument, framlegg til verneforskrift og kart over foreslått verneområde ligg til høgre i denne nettsaka.
Vern av skog sikrar naturmangfald og karbonlagring for framtida
Gjennom behandling av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per janua
r 2023 var omlag 5,2 prosent av skogarealet og ca. 3,9 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har litt over 3 prosent skogvern i Vestland.
Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire miljømål vedtekne av Stortinget. Vern av skog er også positivt for langtidslagring av karbon i arbeidet mot klimaendringane.
I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Årets nyleg vedtekne statsbudsjett viser ei historisk høg satsing på skogvern i Noreg.
Grunneigarar tilbyr skog til vern i dialog med staten
Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigar på Helleren har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigar, og som ivaretek interessene til grunneigar i dialogen med staten om m.a. erstatning, vernegrenser og vernereglar.
Seks av ti artar på fastlandet i Noreg treng skogen som levestad
Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.
Verneverdiar i Helleren naturreservat vil bidra til å dekke manglane i skogvernet i landet
Helleren i Lærdal ligg i ei sørvendt li i sørboreal vegetasjonssone. Området er svært variert både topografisk og med omsyn til vegetasjon og skogtypar. Skogen omfattar rik edellauvskog med vekt på gråor-almeskog og er omtalt som svært viktig i bekkekløftkartlegginga frå 2009. I landskapsmosaikken er også gråor-heggeskog, store, gamle tre av hengebjørk og alm, og i tillegg osp, rogn, einer, hassel hegg, furu og lind.
Området inneheld rasmark og sørvendte berg, nokre stader rike på mosar og lav. Trass ein del rasmark med impediment har over halvparten av lia middels til høg til særs høg bonitet, og vil dermed bidra til å auke delen skog med høg bonitet i skogvernet i fylket.
Området vil i tillegg bidra til å dekke manglar i skogvernet med låglandsskog i sørboreal sone, rike edellauvskogtypar og ei stort tal raudlista artar. Innslaga av hole lauvtre, rikbarkstre og tre med sprekkebark er viktige for artsmangfaldet og blir tillagt verdi, og i eldre bestandar av gråor er det høg konsentrasjon av daud ved. Det er også behov om å verne meir natur med bekkekløftpreg i fylket.
Vi finn fleire sterkt truga artar i forslaget vårt til naturreservat
Av 16 raudlista artar registrert i tilbodsarealet er 6 sterkt truga (EN), mellom anna gåsefot, stuvkraterlav og skumkjuke, og 5 artar er nært truga (NT), mellom anna klosterlav. For å få oversikt over registrerte artar, sjå rapporten Skoganalyse som ligg til høgre i denne nettsaka. Vi vurderer området som svært verneverdig. Området har vore kartlagt av erfarne biologar, og Statsforvaltaren er godt kjent i området gjennom synfaringar i felt.
Heimelsgrunnlag for skogvern
Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat i § 37 er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt for Helleren.
Det er viktige kulturminne i området og mykje ferdsel langs kongevegen
For å ta vare på dei sårbare naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet.
Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, nye anlegg, el-sykling, motorisert ferdsle, med meir. I høyringsdokumentet som ligg til høgre i denne nettsaka ligg ei grundig utgreiing av alle brukarinteressene vi fekk innspel på etter oppstartsmeldinga. Mellom anna drøfter vi kva namnet på naturresevatet skal vere, korleis kulturminna kan bli ivaretekne, større arrangement, skjøtsel, toalett, kraftliner, med meire.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.
Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no
Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.
Frist for å kome med innspel er 15. februar 2024.
I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høyringsfrist:
- 15. februar 2024 23:59