Høyring av forvaltningsplanar for Breisete og Rodeholene naturreservat
- Høyringsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
Det er behov for ein forvaltningsplan, ein for kvart av desse to naturreservata. No er det høyring av framlegga til forvaltningsplanar.
Breisete naturreservat og Rodeholene naturreservat vart båe oppretta ved kgl.res. 22. juni 2018 gjennom frivillig skogvern. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for dei to naturreservata.
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Dei skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området på bakgrunn av verneforskrifta som gjeld i områda. Verneforskrift og grenser er såleis ikkje tema ved utarbeiding av forvaltningsplanar.
Store allmenne interesser og store naturverdiar
Det er store allmenne interesser knytte til dei to naturreservata, samstundes som det er store naturverdiar i området. Statsforvaltaren vil gjere sitt til at prosessen med forvaltningsplan for dei to naturreservata skal vere ein open prosess med gode høve til å kome med innspel for alle som ønskjer det. Vi vil samarbeide med Sogndal kommune, grunneigar, rettshavarar og organisasjonar gjennom prosessen. Det kan vere aktuelt å arrangere eit ope møte som ein del av høyringa av framlegget til forvaltningsplan.
Kunnskapsgrunnlaget er godt
Kunnskapsgrunnlaget i dei to naturreservata er godt gjennom undersøkingane som vart gjennomført i løpet av verneprosessen. I tillegg er det gjort nye undersøkingar i Breisete naturreservat i 2021. Vi ser det difor ikkje som aktuelt med nye biologiske undersøkingar i dei to områda.
Kan vere aktuelt å opprette eit felles rådgivande utval
Som ein del av arbeidet med forvaltningsplan, er det aktuelt å opprette eit felles rådgivande utval for dei to naturreservata. Aktuelle medlemmar i eit slikt rådgivande utval er forutan grunneigar, skogbruksorganisasjon, Sogndal kommune, Amlabukti og Kaupanger grendalag og Kaupanger Idrettslag. Vi tek gjerne mot innspel om det bør opprettast eit felles rådgivande utval for dei to naturreservata.
Etter høyringa vil fråsegner til framlegget til forvaltningsplan bli innarbeidd, og forvaltningsplanane for Breisete naturreservat og for Rodeholene naturreservat vil truleg vere ferdig godkjende i løpet av 2023.
Vi ber om fråsegn til framlegga til dei to forvaltningsplanane innan 15. mars 2022.
Fråsegn sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sfvlpost@statsforvalteren.no. For meir informasjon kontakt prosjektmedarbeidar Tom Dybwad (tlf. 57 64 31 23, e-postadresse fmsftd@statsforvalteren.no).
Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn.