SUM søker om løyve til å kompostere hage- og parkavfall

Høyringsfrist:
12. januar 2023 23:59

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) har løyve etter forureiningslova til drift av deponi og avfallsanlegg på hovudanlegget på Einestølen i Sunnfjord kommune. No søker verksemda om løyve til å kompostere 10 000 tonn hage- og parkavfall på denne lokaliteten.  

Publisert 02.12.2022

Eksisterande løyve

SUM har i dag løyve etter forureiningslova til å ta imot, behandle, lagre og deponere avfall på Einestølen, i tillegg til å drive gjenbruksstasjon med mellom anna mottak av hage- og parkavfall. 

Kompostering av hage- og parkavfall

SUM søker om å få produsere 10 000 tonn ferdig kompostert hage- og parkavfall kvart år. 

Verksemda har opplyst at lagring, kverning og kompostering av hage- og parkavfallet i rankar vil gå føre seg på tett flate med kontrollert avrenning til reinsetank. Rankane vil bli vendt med hjullastar med skuffe om lag kvar sjette veke og sjølve komposteringsprosessen vil ta mellom seks og tolv månader.

Vidare står det opplyst at komposten i første omgang vil bli nytta til toppdekke på biocella og fungere som eit oksidasjonsfilter, og at det vidare vil bli etablert eit jordtog på Einestølen for sal av kompost.

Forureining frå kompostering av hage- og parkavfall

SUM opplyser i søknaden at sidan det er park- og hageavfall som skal komposterast, vil ikkje nedbrytinga av dette avfallet føre til sjenerande lukt.

Avrenning frå prosessen til gå via reinsetank og vidare til sigevassanlegget.

SUM opplyser at støy frå komposteringsprosessen vil vere tilsvarande nivå som i dag. Kverning og vending av rankane kan føre til noko støv, men forhøgningar og åsar i terrenget vil hindre eventuelt støv frå å spreie seg til omgjevnadane.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/3035. Frist for å gje uttale er 12. januar 2023.

Alle uttaler blir registrerte i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
12. januar 2023 23:59