Søknad om løyve til mudring og utfylling i Storavatnet og Stiavatnet i samband med ny Rv. 555 - Sotrasambandet

Høyringsfrist:
2. desember 2022 23:59
Figur 1: Oversikt over nye Sotrasambandet mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Øygarden. Tunnelar er vist med stiplet linje.
Figur 1: Oversikt over nye Sotrasambandet mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Øygarden. Tunnelar er vist med stiplet linje.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i Storavatnet og Stiavatnet i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Bergen kommune. 

Publisert 03.11.2022

Om tiltaka

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i Storavatnet og Stiavatnet som ein del av vegutbyggingsprosjektet Sotrasambandet. Høyringa består av to søknader, søknad om mudring og utfylling i Storavatnet og mudring og utfylling i Stiavatnet, begge i Bergen kommune. Planlagt oppstart med tiltak i Storavatnet er februar 2023 med ferdigstilling i 2027. Planlagt anleggsperiode for tiltak i Stiavatnet er 2022 til 2024.

Storavatnet

I Storavatnet planleggast det utfylling av inntil 1 065 000 pam3 (prosjektert anbrakte masser) med sprengstein nord i vatnet. I tillegg til fylling for ny veg og sykkelveg, vil det sør for ny Rv 555 bli areal over vatn som skal bli til eit rundt 70 dekar stort rekreasjonsområde (figur 2). Opparbeiding av rekreasjonsområde skal utførast av Bergen kommune.

Figur 2. Utsnitt av illustrasjonsplan som viser fyllingsområde med nytt rekreasjonsområde. Skjermdump frå søknad.
Figur 2. Utsnitt av illustrasjonsplan som viser fyllingsområde med nytt rekreasjonsområde. Skjermdump frå søknad.

Utfyllinga er planlagt å skje frå land. For å oppnå kvalitetsfylling under den nye vegen skal blaute botnsediment mudrast bort i området før utfylling. Mudringsvolum er på ca. 65 000 m3. Resten av utfyllinga vil bli utført med massefortrenging.

Det er påvist forureining i botnsedimenta, i hovudsak bly, sink og PAH. Det er planlagt at  det i tiltaksområdet skal nyttast dobbel siltgardin for å hindre spreiing av partiklar så lenge det er mudring eller utfylling som kan føre til  spreiing av partiklar. Det skal målast turbiditet utanfor siltgardinene, med ein føreslått grenseverdi på 10 FTU/NTU over referanseverdi.

Stiavatnet

Stiavatnet er planlagt fylt igjen av inntil 150 000 pam3 med sprengstein for bygging av ny veg. Under vegfyllinga vil det bli behov for å mudre bort blaute sedimenter, inntil 50 000 m3. Stiavatnet er eit lite vatn som ligger nord for dagens Rv. 555 trasé, sjå figur 3.

Figur 3. Oversiktskart som viser lokalisering av Stiavatnet i Drotningsvik. Skjermdump frå søknad.
Figur 3. Oversiktskart som viser lokalisering av Stiavatnet i Drotningsvik. Skjermdump frå søknad.

Vatnet skal fyllast igjen og gje plass for eit nytt kryssområde. Rampar frå den nye Rv. 555-tunnelen kjem opp i dagen ved Stiavatnet og blir kopla til lokalvegen med eit nytt kryss.

Stiavatnet skal tappast ned før utfylling. Vatnet skal leiast til utslepp i sjø ved Nordre Drotningsvik. Det er planlagt utført ved å pumpe vatnet opp i dagens eksisterande kulvertløp nordvest i Stiavatnet. Det blir nødvending å mudre bort blaute sediment for å leggje kvalitetsfylling for ny veg. Mudringsvolum er usikkert, men antatt volum er ca. 50 000 m3.

Dei viktigaste aktivitetane som kan medføre forureining i anleggsfasen er:

  • pumping av vatn frå pumpesump i Stiavatnet
  • oppgraving/mudring av forureina sedimenter
  • utslepp av borevatn frå etablering av ny kulvert
  • etablering av vegfylling
  • massehandtering

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er 2. desember 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
2. desember 2022 23:59