Stad skipstunnel - Kystverket søkjer om løyve til mudring, dumping og utfylling i sjø
- Høyringsfrist:
- 6. september 2022 23:59
Kystverket skal byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Stad skipstunnel vil bli ein 1,7 km lang tunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Tunnelen vert bygd for å betre tryggleiken, og det skal bli lettare for sjøtransport å ta seg fram forbi Stad.
Kystverket søkjer om fleire løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel
Statsforvaltaren i Vestland har mottatt to søknadar frå Kystverket om løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel:
- ein søknad om mudring, dumping og utfylling, og
- ein søknad om utslepp frå mellombels anleggsverksemd.
Denne høyringa gjeld søknad om løyve etter forureiningslova til mudring, dumping og utfylling.
Om søknad om løyve til tiltak i sjø
Løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø vil mellom anna
- regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygginga av Stad skipstunnel vil bli regulert i eige løyve, og er ikkje ein del av denne søknaden.
Kva tiltak i sjø vert det søkt om?
I samband med bygginga av Stad skipstunnel søkjer Kystverket om løyve til å gjennomføre følgjande tiltak i sjø:
- utdjuping av farleia i Saltasundet til kote -14,3 meter
- utdjuping av farleiene i entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen til kote -13,25 meter
- mellombels og permanent utfylling i sjø i entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen
- deponering av totalt 8 500 000 m3 i sjødeponi i Moldefjorden
I vedtatt reguleringsplan er det regulert eit sjødeponi i Moldefjorden med kapasitet på 8 500 000 m3. For å sikre effektiv drift og logistikk i arbeidet med Stad skipstunnel søkjer Kystverket om løyve til å deponere alle overskotsmassane i sjødeponi i Moldefjorden, inntil totalt 8 500 000 m3. Kystverket samarbeider med omkringliggjande kommunar og private aktørar for å finne samfunnsnyttig bruk av overskotsmassane, så faktisk mengde massar til sjødeponi i Moldefjorden er venta å vere mindre enn dette.
Yttelegare informasjon
Vedtatt reguleringsplan med plankart og føresegner er tilgjengeleg i Stad kommune sin plandatabase.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/5132. Frist for å gje fråsegn er 6. september 2022.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
Om de har fråsegn til begge søknadane i samband med bygging av Stad skipstunnel, ber vi om at fråsegnene blir sendt i to sendingar, og merka med det respektive saksnummeret.
- Høyringsfrist:
- 6. september 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65 -
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35
Lenkjer
Dokument
- Høyringsbrev MDU - Stad skipstunnel
- Søknad om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø Stad skipstunnel.pdf
- Vedlegg 1. 10243085-02-RIM-RAP-001 Vannkvalitet.pdf
- Vedlegg 2. 10226827-RIGm-RAP-001 Miljøgeologiske undersøkelser av sjøbunnsediment.pdf
- Vedlegg 3. 10226827-01-RIM-RAP-001 Naturmangfold i sjø.pdf
- Vedlegg 4. 10226827-01-RIM-RAP-002 Konsekvensutredning marint naturmangfold.pdf
- Vedlegg 5. 10226405-04-RIMT-RAP-001 Undervannsstøy i forbindelse med sprenging.pdf
- Vedlegg 6. 10243085-03-RIM-NOT-001 Befaringsnotat vassdrag.pdf
- Vedlegg 7. 10243085-01-RIMT-RAP-001 Strømrapport Saltasundet.pdf
- Vedlegg 8. 10243085-01-RIMT-RAP-002 Strømrapport Sjødeponi ytre Moldefjorden.pdf
- Vedlegg 9. 10243085-01-RIMT-RAP-003 Strømrapport Entringsområde Moldefjorden.pdf
- Vedlegg 10. 10243085-01-RIMT-RAP-004 Strømrapport Entringsområde Kjødepollen.pdf
- Vedlegg 11. 616193-RIGm-RAP-001 Miljøundersøkelser sedimenter.pdf
- Tilleggsinformasjon om tiltaket.pdf
- Tegningshefte a3 moldefjorden 26.04.17.pdf
- Tegningshefte a3 kjødepollen 26.04.17.pdf