Søknad om løyve etter forureiningslova - Atracco Tromsø AS

Høyringsfrist:
22. september 2022 23:59

Atracco Tromsø AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.

Publisert 31.08.2022

Om tiltaket

Verksemda søkjer om å kunne ta imot inntil 1500 køyretøy årleg. I tillegg til å miljøsanere køyretøya vil det bli plukka delar for sal til verkstader og privatpersonar. All behandling av avfall skal føregå innandørs. Verksemda estimerer at trafikkbelastninga til anlegget vil vere inntil 40 køyretøy per dag.

Endra opplysningar frå søknadstidspunkt

Det er berre bygget der køyretøya skal miljøsanerast og delar blir vaska som vil ha sluk som går til oljeutskillar. Dette har endra seg etter søknadstidspunktet der verksemda skreiv i søknaden at alle bygga skulle vera tilkopla oljeutskillar. Både miljøsanering og vasking skal føregå i lukka system utan utslepp. Vaskevatnet skal samlast i ein tett tank og leverast til godkjent anlegg.

Offentleg innsyn

Lenke til søknadsdokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.

Merknader til søknaden

Alle som vert vesentleg ròka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 22. september 2022. Merk saka med saksnummer 2022/9086.

Høyringsfrist:
22. september 2022 23:59

Kontaktpersonar

Dokument