Hordafor AS søkjer om å endre løyvet etter forureiningslova

Høyringsfrist:
8. juli 2021 23:59

Hordafor AS i Austevoll kommune søkjer om å auke grensa for mottak av ensilert fisk til produksjon av fôr som dei har i gjeldande løyve. Frist for uttale er 8. juli 2021.

Publisert 07.06.2021

Hordafor AS har løyve til å ta imot ensilert fiskeavfall for produksjon av fôr på Salthella i Austevoll. I 2017 fekk verksemda løyve for mottak av 120 000 tonn ensilasje per år. Verksemda søkjer no om å auke mottaket til 180 000 tonn.

Gjeldande løyve ligg på www.norskeutslipp.no

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 8. juli 2021.

Merknader til søknaden kan sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/4305.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Høyringsfrist:
8. juli 2021 23:59