Rolf Morten Løviknes søkjer om løyve til etablering av avfallsanlegg
- Høyringsfrist:
- 26. mars 2021 23:59
Det vert søkt om etablering og drift av anlegg for miljøsanering av bilar og båtar, og omlasting av næringsavfall.
Søknaden
Rolf Morten Løviknes (enkeltmannsfirma) har søkt Statsforvaltaren i Vestland om etablering og drift av anlegg for miljøsanering av bilar og båtar, og omlasting av næringsavfall, hovudsakleg bygg- og anleggsavfall. Anlegget er planlagt etablert på gbnr 38/104 på Haugen ved Hjalmavegen i Stad kommune. Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden
Alle som vert vesentleg ròka av miljøpåverknader frå anlegget, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan sende merknad til søknaden til Statsforvaltaren i Vestland. Merknad kan sendast via nettsida, i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 26.3.2021.
- Høyringsfrist:
- 26. mars 2021 23:59