Universell utforming

Oppdatert 18.11.2024

Universell utforming er ein samfunnskvalitet og målet er eit samfunn der alle kan delta og bidra. Gode løysingar, som kan brukast av flest mogleg, gir auka likestilling og betre fysiske og digitale omgjevnader for alle. 

Med universell utforming blir produkt, bygg, tenester og uteområde for allmenta utforma på ein slik måte at hovudløysinga kan brukast av flest mogleg. Universell utforming skal gi alle betre høve til likeverdig samfunnsdeltaking. Dette gjeld ikkje berre personar med nedsett funksjonsevne, men også for eldre og familiar med barn i barnevogn.

Universell utforming er forankra i fleire lovverk

Universell utforming er ein strategi som stiller krav til samarbeid og tverrfagleg perspektiv i planlegging, brukarmedverknad, praktisk gjennomføring og evaluering av tiltak. Universell utforming er også forankra og sikra i fleire lover og forskrifter, blant anna diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren følgjer opp statlege satsingar ved å medverke til å innarbeide universell utforming i regionale og kommunale planar. Statsforvaltaren gir også råd og rettleiing om universell utforming til regionale og kommunale samarbeidspartnarar, og til frivillige lag, organisasjonar og brukargrupper.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.04.2024

Lansering av rapport om kommunane sitt arbeid med universell utforming

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet lanserer rapport om korleis kommunane jobbar med universell utforming, i webinar 30. april.