Utvikling og forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora
Statsforvaltaren i Vestland har i år tildelt 18 230 000 kroner til 31 stillingar i 20 utviklingsprosjekt.
Nav-kontora har mange utfordringar og arbeider målmedvite for å forbetre tenesteytinga. Som eit bidrag til Navs utviklingsarbeid tilbyr statsforvaltarane midlar til treårige utviklingsprosjekt for å forbetre dei sosiale tenestene i Nav.
Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer vil Nav forbetre kvaliteten i dei sosiale tenestene, og med det hjelpe brukarane til å få betre levekår.
18 230 000 kroner
I 2024 fekk vi 18 230 000 kroner frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland. Dette er same sum som fjorårets løyving etter vi fekk ekstra midlar til prosjektet «Deltids- og sommarjobb til ungdom» ved Nav Alver. Arbeids- og velferdsdirektoratet har eigne midlar til prosjekt som ikkje har fått tilskot frå Statsforvaltaren. I fjor fekk Nav Alver slike midlar.
Fleire prosjekt fekk siste tilskot i fjor, etter å ha fått prosjektmidlar for tre år. Vi hadde difor rom til å gi tilskot til oppstart av 5 nye prosjekt i 2024, i tillegg til dei 15 pågåande prosjekta som ikkje er ferdig med treårsperioden.
I 2024 er tilskot til lønn og lønnsrelaterte midlar auka frå 610 000 kroner til 650 000 kroner.
Fem nye prosjekt
I 2024 har kommunane i Vestland søkt om til saman 21 stillingar i ni nye prosjekt. Med årets økonomiske ramme hadde vi rom for å kunne innvilge omtrent halvparten av desse søknadene. Dei fem Nav-kontora som fekk innvilga tilskot til nye prosjekt er:
- Nav Bergen nord – to stillingar i prosjektet «Forebyggende karriereveiledning»
- Nav Bergen sør – to stillingar i prosjektet «Samba»
- Nav Øygarden – to stillingar i prosjektet «FamiliePluss»
- Nav Samnanger – ei stilling i prosjektet «Trivselsvaktmester»
- Nav Nordfjord – ei stilling i prosjektet «Neste steg»
Her kan du sjå oversikta over alle dei 20 prosjekta i Vestland.