Tildeling av tilskot til utvikling og forbetring av sosiale tenester

Vi har tildelt 17 250 000 kroner til 26 stillingar i 15 utviklingsprosjekt i Nav-kontora i Vestland.

Publisert 11.03.2025

Nav-kontora arbeider målmedvite for å utvikle og forbetre tenesteytinga, og som eit bidrag til dette tilbyr statsforvaltarane midlar til treårige prosjekt. Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer vil Nav forbetre kvaliteten i dei sosiale tenestene, og med det hjelpe brukarane til å få betre levekår.

17 250 000 kroner

I år fekk vi 17 250 000 kroner frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland.

Fleire prosjekt fekk siste tilskot i fjor, etter å ha fått prosjektmidlar for tre år. Vi hadde difor rom til å gi tilskot til oppstart av fire nye prosjekt i 2025, i tillegg til dei elleve pågåande prosjekta som ikkje er ferdig med treårsperioden.

I 2025 er tilskot til lønn og lønnsrelaterte midlar 750 000 kroner.

Fire nye prosjekt

Ti nye prosjekt søkte om midlar, men vi hadde økonomiske ramme til å kunne innvilge midlar til desse fire nye prosjekta:

  • Nav Bergenhus – ei stilling til «Mester i eget liv»
  • Nav Bjørnafjorden – ei stilling til «Levekårskontakt ved Nav Bjørnafjorden»
  • Nav Voss – to stillingar til «Trygge heim: Trivselsvaktmeistrar i kommunale bustader»»
  • Nav Sunnfjord og ytre Sogn – to stillingar til «Restart – frå flyktning til ressurs»

Her kan du sjå oversikta over alle dei 15 pågåande prosjekta i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.