Nav skal fremje sosial inkludering
Sosialtenestelova gir Nav har fleire oppgåver, i tillegg til å tildele pengar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sosialstønad er viktig for å motvirke fattigdom, men Nav har fleire oppgåver etter sosialtenestelova. I føremålsparagrafen til lova står det at Nav mellom anna skal fremje sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Skule og arbeid er viktig for å motvirke sosial isolasjon
Skule og arbeid er viktige sosiale arenaer. Ungdom som fell ut av vidaregåande skule har stor risiko for å bli sosialt isolert. Det same gjeld vaksne som ikkje kjem inn i arbeid, eller som fell ut av arbeid.
Sosial isolasjon fører med seg meir enn berre einsemd. Sosialt isolerte har overhyppigheit av både psykisk og somatisk sjukdom. Sjukdom kan føre til sosial isolasjon, men sosial isolasjon kan føre til sjukdom. Vekselverknad mellom sjukdom og sosial isolasjon kan vere ein vond spiral. Nav er ein av dei instansane som skal bidra til å motverke sosial isolasjon og bidra til sosial inkludering
Sosialtenestelova har inga aldersgrense
Det står i føremålsparagrafen at Nav skal bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får et heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dette gjeld særleg overfor barn og unge som veks opp i vanskelegstilte familiar, og der det er avgjerande å hindre at oppvekstsituasjonen fører til vedvarande stigmatisering.
Difor har Nav ei oppgåve i å sjå dei stille ungdommane som isolerer seg på jenterommet eller guterommet, og bidra til at desse får tilbod om tilbod hjelp til å bryte med isolasjonen. Difor har Nav ei oppgåve i å bidra til at unge med problemåtferd ikkje fell utanfor samfunnslivet. Difor har Nav ei oppgåve i økonomisk rådgiving overfor unge, for å bidra til at dei ikkje startar vaksenlivet som gjeldsofre.
Nav kan ikkje gjere noko av dette åleine. Difor har Nav ei oppgåve i å samarbeide med til dømes skule, helse, barnevern og politi, og med idretten og andre frivillige organisasjonar.
Prosjekta våre
Vi hjå Statsforvaltaren i Vestland har i år gitt tilskot til 25 utviklingsprosjekt i Nav. Føremålet for desse prosjekta er å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod i Nav, for nettopp å fremje sosial inkludering.
Prosjekta utviklar eit vidt spekter av sosiale tenester. Det å hjelpe einskildpersonar inn i aktivitet og arbeid er sentralt. Dette gjeld både personar som i utgangspunktet står langt frå arbeidslivet, og personar som kan klare seg sjølv berre dei får starthjelp.
Andre prosjekt rettar seg mot økonomisk rådgiving og bustadsosialt arbeid. Fleire prosjekt har ungdom som målgruppe. I desse prosjekta vil Nav bidra til at ungdom ikkje fell ut av skule. Eit av prosjekta har «økonomisk helsesøster» for skuleungdom som stikkord.
Kva vil det seie å vere inkludert?
Av og til møter prosjekta motbør, og i nokre tilfelle er innsatsen mislukka. Slik kan det vere å arbeide med hjelpetiltak overfor vanskelegstilte. Men ofte lukkast dei, og dei kan fortelje solskinshistorier om personar som fekk hjelp til å kome i arbeid.
For mange er det viktig å få lønn i staden for stønad. Like viktig kan det vere å føle seg inkludert. Det kan vere så mangt som bidreg til at ein føler seg inkludert. Desse sitata er døme på små ting som deltaking i arbeidslivet kan føre med seg, og som kan bidra til oppleving av å vere sosialt inkludert:
- Det som er flott med fredagen, når arbeidsveka er ferdig, er at eg kan seie «God helg» til kollegaene mine. Før, då eg ikkje var i arbeid, sa eg aldri «God helg» til nokon. Alle dagane var like før. Når eg har arbeidd ei heil veke, så betyr det noko å få helgefri!
- Eigentleg er det fint å måtte stå på bussen. Før eg begynte i arbeid fekk eg alltid sitje, for det var aldri fullt på bussen når eg reiste. No reiser eg i rushet, og tenker at det er fint å måtte stå i lag med alle dei andre som skal på arbeid. Eg er ein av dei som skal på arbeid!