Klar for arbeid - «KlarA»

Prosjektet «KlarA» ved Nav Bergen sør går no mot slutten. Her kan du lese litt om korleis dei har jobba og kva erfaringar dei tek med seg vidare.

Publisert 21.05.2024

Frå 2016 til 2019 deltok Nav Bergen sør i det nasjonale Nav-prosjektet «Helhetlig oppfølging av lavinntektsfamilier» (HOLF). Dei vart inspirert til å jobbe vidare med deler av det dei hadde lært, og søkte difor om midlar til eit nytt prosjekt gjennom tilskotet om utvikling av sosiale tenester i Nav. Dei fekk tilskot til «KlarA» frå 2021 til 2024.

Mødrene er ofte hjarta i familiane

I prosjektet «KlarA» ønskte Nav-kontoret å følgje opp kvinner i familiar som lever med låg inntekt. Dei erfarte at kvinnene ofte var dei som hadde overblikk over familien, og dersom Nav klarte å kome i posisjon til kvinnene så kom dei også i posisjon til å hjelpe heile familien. Målgruppa for «KlarA» har difor vore heimeverande mødrer i låginntektsfamiliar som har kontakt med sosialtenesta. Dei fleste hadde flyktning- eller innvandrarbakgrunn. Prosjektet har ikkje hatt krav til språknivået til deltakarane.

I starten av prosjektet deltok kvinnene i KlarA-grupper, ein til to gonger i veka. Der fekk dei felles informasjon om ulike tema, som helse, barn, økonomi, digital kompetanse, bustad med meir. Etter kvart vart deltakarane sitt behov for gruppetiltak mindre, og behovet for individuell oppfølging større, og derfor avslutta ein gruppetiltaket frå august 2023.

Ein god relasjon er nødvendig for å få innsikt i hjelpebehovet til familien. Å bygge relasjon og tillit tek tid. Gjennom prosjektet fekk Nav den tida dei trengte. Då dei kom i posisjon og kartla heile familien, vart dei overraska over kor stort hjelpebehovet kunne vere.

«KlarA» er inspirert av MI, «Veiledningsplattformen» i Nav og deler av  metodikken som vart utvikla i HOLF-prosjektet. Prosjektet har laga kartleggingsskjema som dei bruker for å få nok informasjon om familiane til å kunne gje heilskapleg hjelp. Dei såg det som viktig å kartlegge ressursar, ferdigheiter, digital kompetanse, personleg økonomi, behov for karriererettleiing, og kva rettar kvinnene har. Dei fekk ofte mykje informasjon etter kvart som dei vart betre kjent med kvinnene, og kartlegginga vart difor ein dynamisk prosess som gjekk over tid.

Ein etablert del av prosjektet er heimebesøk. Ved å reise heim til familiane lærer dei tilsette mykje og kjem i posisjon til å hjelpe. Prosjektet har avdekka mange behov i familiane på denne måten, som at bustaden treng utbetring, eller at familien manglar møblar og anna utstyr. Dei har også møtt barna og fått informasjon om behova deira. Nav-kontoret har hjelpt nokre av dei eldre barna  med å skrive CV og søkje jobb, utdanning og stipend frå Lånekassen.

Prosjektet har hatt merksemd på å gje informasjon om rettar og hjelpe kvinnene med å søkje. Språkutfordringar kan ofte føre til misforståingar. Regelverk, rettar og offentlege system kan vere vanskeleg å forstå, kanskje spesielt dersom ein strevar med norsk.

Kvifor er ikkje desse kvinnene i jobb?

«KlarA» har jobba med 28 kvinner i prosjektperioden og oppdaga at både dei, og nokre av barna deira, hadde ulike utfordringar i livet. Kvinnene har hatt behov for at prosjektmedarbeidarane har vore tett på og hatt god tid til å hjelpe og følgje opp.

Dei tilsette i prosjektet fortel at ein del av kvinnene ønskjer å jobbe, og for nokre har det vore heilt nødvendig å få hjelp med andre utfordringar i livet først.

Fleire av deltakarane har ikkje nådd målet om å komme i arbeid enda, men dei har nådd andre mål. Dette har til dømes vore tilpassing av bustad, eller å få avlasting og støtte i ein tyngande omsorgssituasjon. Kvinnene har vore i sentrum og fått hjelp og støtte til å satse på si eiga helse og håp for framtida når det gjeld utdanning og jobb. For mange i målgruppa er dette ein lang prosess, med mange mål på vegen.

Kva kan andre lære av «KlarA»?

Gjennom prosjektet har Nav erfart at dersom ein tar omsyn til den heilskaplege situasjonen til deltakaren, er det større sjanse for at dei opplever meistring, og at dei arbeidsretta tiltaka til Nav etterkvart fører fram.

Nav-kontoret erfarer at prosjektarbeidet kan vere vanskeleg å implementere i ordinær praksis. Det er likevel viktig at tilsette har merksemd på familiane, korleis barna har det og korleis det å vere foreldre kan påverke moglegheita brukarane har for å delta i arbeid.

Sjølv om oppfølginga deltakarane har fått i prosjektet ikkje blir vidareført som eit fast tilbod ved Nav Bergen sør, så har prosjektet bidrege til auka kompetanse om målgruppa. Denne kunnskapen er overført til resten av kontoret, som ønskjer å jobbe meir med dette. Vi tenkjer dette er kloke tankar frå «KlarA». Det har vore spennande og gjevande å følgje prosjektet. Dei har bidrege til å løfte fram kor mykje som er kring ein familie, kvifor nokon står utanfor arbeidslivet, og kanskje også andre delar av samfunnet, og korleis ein kan hjelpe familiane til «innanforskap». Prosjektet har gjort ein stor forskjell for foreldre og barn i prosjektperioden, og metodikken, kunnskapen og kompetansen til «KlarA» lever vidare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.