Informasjon om utbrotet av koronavirus

Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjonskjelder hjå sentrale styresmakter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2020

Ei samla oversikt over våre nyhendesaker om koronaviruset, finn du her.

For oppdatert informasjon om tiltak og råd til befolkninga sjå helsenorge.no. 

Oversikt over tal smitta og innlagde pasientar på sjukehus

Folkehelseinstituttet publiserer dagleg rapportar som mellom anna viser tal på meldte smittetilfelle fordelt på fylke og kommunar.

Helsedirektoratet publiserer dagleg oversikt over talet på pasientar som er innlagt på norske sjukehus. 

Kvar finn du meir informasjon?

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak

God hoste- og handhygiene er blant enkle, men viktige tiltak for å avgrense og forseinke smittespreiing av koronavirus. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du oppdaterte råd om hand- og hostehygiene, bruk av munnbind, reingjering og klesvask

Myndigheitene oppmodar alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av koronavirus eller influensa.

Statsforvaltarens ansvar og rolle 

Statsforvaltaren er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå sentrale styresmakter til kommunane i Vestland og melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til nasjonalt nivå. Vi har tett dialog med kommunane og aktørar i fylket på regionalt nivå. 

Vi skal vere merksame på smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale smittevernplanar, og yte bistand ved behov. 

Referat frå møte med kommunane og møte i fylkesberedskapsrådet blir fortløpande publisert på nettsidene våre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.