Tema for undervisninga er bruk av personleg verneutstyr, handhygiene og andre praktiske smittevernråd knytt til covid-19. Folkehelseinstituttet legg ut opptak av undervisninga i etterkant.
Nettundervisning om personleg verneutstyr og handhygiene
Håndhygienedagen 5. mai blir markert med nettundervisning 5. og 6. mai om covid-19, bruk av personleg verneutstyr og handhygiene i fem ulike typar arbeidsplassar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.05.2020
Korleis førebyggjer vi og kva gjer vi når smitte er påvist?
Nettundervisninga 5. og 6. mai er delt opp i fem delar, slik at dei som jobbar ved fastlegekontor, på sjukehus, i heimesjukepleia, i tannhelsetenesta eller på sjukeheimar kan følgje undervisinga som er best tilpassa sin eigen arbeidsplass.
Under finn du lenker til dei ulike kursa.
- Fastlegekontor: Tysdag 5. mai klokka 11.00 -12.00
- Sjukehus: Tysdag 5. mai klokka 13.00 - 14.00
- Heimesjukepleia: Tysdag 5. mai klokka 15.00 - 16.00
- Tannhelsetenesta: Onsdag 6. mai klokka 11.00 – 12.00
- Sjukeheimar: Onsdag 6. mai klokka 15.00 – 16.00