E-læringskurs om prøvetaking ved covid-19
Eit nytt e-læringskurs som tek føre seg prøvetakar si rolle ved covid-19 er tilgjengeleg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kurset er aktuelt for alle som skal gjennomføre prøvetaking ved covid-19, og bruk av kurset kan bidra til at kommunar raskt kan auke testkapasiteten ved smitteutbrot.
Kurset vil gi praktisk opplæring i korleis gjennomføre prøvetaking frå øvre luftvegar til covid-19, omtalar betydninga av laboratorieprøver i arbeidet med covid-19, og korleis få på plass testrutinar og hurtigtest for antistoff ved covid-19.
Kurset er utarbeidd av Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus), og er tilgjengeleg for deltakarar i Noklus på «Min side».
Her kan du lese meir om innhaldet i kurset.
Laboratorieprøver ved covid-19 for legar
Det er også utarbeidd eit e-læringskurs om laboratorieprøver ved covid-19 som har målgruppa allmennlegar, sjukeheimslegar og legar med smittevernoppgåver som kommuneoverlegar.
Kurset er godkjent som valfritt kurs til spesialiteten allmennmedisin og er utan kursavgift.