Nytt e-læringskurs om likestilling, mangfald og menneskerettar

Kurset er spesielt utvikla for tilsette som koordinerer eller følgjer opp arbeidet med likestilling, mangfald, menneskerettar eller sosial berekraft i kommunar og andre deler av offentleg sektor.

Publisert 17.03.2025

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har lansert e-læringskurset i samarbeid med KS. Kurset gir konkrete verktøy og døme på korleis forankre og følgje opp arbeidet på tvers av fagområde og sektorar.

Kurset er ein oppfølgjar til introduksjonskursa som Bufdir lanserte for ei tid tilbake. Desse var utvikla for tilsette og leiarar om likestilling, inkludering og mangfald, og FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne.

Les meir om kursa på heimesida til Bufdir: E-læringskurset som styrker kommuners arbeid med likestilling, mangfold og menneskerettigheter | Bufdir

Kursa finn du på følgjande stader:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.