Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland
I Kontrollkommisjonen for Haukeland er det ledig verv for vara for leiar frå 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028. Søknadsfristen er 4. desember 2024.
Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte.
Kommisjonen har fire faste medlemmer, kvart medlem har ein personleg varamedlem. Medlemmene vert oppnemnde for fire år, og kan reoppnemnast ein gong.
Kontrollkommisjonen skal vere samansett i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova § 28. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer.
Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.
Krav til kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar for vara for leiar er dei same som til vervet for leiar.
- Leiar i kommisjonen og vara for vedkomande skal vere jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. I dette ligg at vedkomande må tilfredsstille krava i domstollova §§ 53-55. Vedkomande må vere norsk statsborgar, over 25 år og ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Vedkomande bør ha erfaring som dommar/dommarfullmektig, barneverns- og helsenemndsleiar eller innan helse- og sosialrett, til dømes frå advokatpraksis eller arbeid i offentleg forvaltning.
Søknad
Send skriftleg søknad med følgjande opplysningar:
- CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
- kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
- opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjon tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
- opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
- namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
Habilitet
I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.» Helsedirektoratet seier vidare at medlem heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet.
Oppnemning
Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg.
Oppnemning av verv i kontrollkommisjon er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen
Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning. Kontrollkommisjonen for Haukeland har som hovudregel møte annakvar veke. Leiar og vara for leiar avklarar seg imellom kven som leier møta.
For utfyllande informasjon om kontrollkommisjonar og oppgåvene deira m.v., viser vi til informasjon på nettsida til Helsedirektoratet: Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern - Helsedirektoratet
Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Ved innsending av søknad må du gjerne bruke «Send sikker melding»: Send sikker melding til Statsforvaltaren | Statsforvaltaren i Vestland
Nærare opplysningar kan du få hos Marit Stornes, som du finn under «Kontaktpersonar».
Kontaktpersonar
-
Marit Stornes
Tlf: 55 57 22 08