Fleire klagar på bruk av tvang i psykisk helsevern

Det viser årsrapporten for 2023  frå Helsedirektoratet om kontrollkommisjonane sitt arbeid med bruken av tvang 

Publisert 06.12.2024

Talet på klager på statsforvaltarens vedtak om behandling utan samtykke aukar. Det er òg fleire søksmål om rettsleg prøving av kontrollkommisjonens vedtak.  

Kontrollkommisjonane kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonane skal kontrollere at praksis i psykisk helsevern er i tråd med krav i helselover og forvaltningslova med forskrifter.  

Statsforvaltaren behandlar klager på tvangsmedisinering og tvangsernæring. 

I rapporten går det fram korleis den nasjonale utviklinga på området har vore i åra 2016-2023,  fordelt på geografiske område. Sjå også vedlegga i rapporten: Kontroll av tvangsbruk i psykisk helsevern 2023 - Helsedirektoratet

Dei seks kontrollkommisjonane i Vestland er omtalt som Sogn og Fjordane, Bergensregionen og Fonna-regionen. Sistnemnde omfattar ein kommisjon i Vestland og ein kommisjon i Rogaland. 

Det har vore ei auke i saker til behandling i kontrollkommisjonane og hos Statsforvaltaren i Vestland. 

Dei ulike formene for tvang, heimla i psykisk helsevernlova, omtalt i rapporten er: 

  • Tvangsinnlegging (tvungen observasjon eller tvungent psykisk helsevern med døgnopphald) 
  • Tvungent vern utan døgnopphald 
  • Tvangsbehandling med legemiddel, ernæring mv. (vedtak om behandling utan eige samtykke) 
  • Tvangstiltak under behandling, herunder skjerming, bruk av tvangsmiddel, rusmiddeltesting og beslag (restriktive tiltak) 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.