Digital konferanse om FACT ung
Konferansen er aktuell for alle som er interessert i FACT ung-satsinga, og skal vere 26. september.
Publisert 10.09.2024
På konferansen får du høyre meir om:
- satsinga på FACT ung i Noreg
- kvifor tenestemodellen er nyttig for unge med komplekse og samansette utfordringar
- korleis FACT ung-teama kan bidra til auka skulenærvær, aktivitet, arbeid og tilknyting til lokalsamfunnet
- FACT ung-team sine erfaringar med å følgje opp unge med oppfølging frå barnevernet
- Brukarinvolvering som ein av dei viktigaste grunnsteinane i FACT ung
Forkortinga FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment». FACT ung-team er tverrfaglege team, sett saman av tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal gje oppsøkjande og integrert behandling til unge i målgruppa.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe og helseminister Jan Christian Vestre dukkar også opp.
Det er gratis å delta på konferansen, meir informasjon og påmelding finn du på nettsstaden til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid: Nasjonal konferanse for FACT ung i september - NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid
Kontaktpersonar
-
Astrid Tveit
Tlf: 57 64 31 73 -
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33