Oppsummering etter tilsyn med Nav i 2022 og 2023

Nav har eit særleg ansvar for å vareta barnas behov når foreldra søker om økonomisk stønad. Statsforvaltarane har gjennomført tilsyn med korleis Nav-kontora møter barnefamiliar i ein slik situasjon.

Publisert 28.08.2024

God kartlegging og gode faglege vurderingar er nødvendige for at Nav skal kunne yte rett økonomisk stønad, men også for å identifisere behov for anna type oppfølging. Nokre gonger har familiar behov for informasjon om tenester som kan hjelpe familien, og Nav skal ta initiativ til tverrfagleg samarbeid der det er aktuelt.

I Vestland gjennomførte vi tilsyn med Nav-kontor i ni kommunar. Vi avdekte lovbrot i fem av desse.

På landsbasis vart det gjennomført tilsyn med 68 Nav-kontor. Helsetilsynet har oppsummert alle tilsyna i rapporten «Samfunnets siste sikkerhetsnett må også fange opp barna». Det viste seg at mange Nav-kontor ikkje kartla barna sine behov godt nok. Når kartlegginga er mangelfull, kan det føre til at familien ikkje får rett økonomisk stønad og/eller at Nav ikkje oppdagar at familien har behov for anna oppfølging og rettleiing.

For at Nav-kontora skal kunne vareta barns behov når ein familie søker sosialhjelp, må rådgjevarane ha ei heilskapleg tilnærming til familiens situasjon, og ta i bruk kunnskap om sosialt arbeid. Helsetilsynet tilrår at Nav-kontora tar i bruk den nye rettleiaren frå Arbeids- og velferdsdirektoratet; «Barnets beste – en veileder for deg som jobber i NAV».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.