Kan Nav ta stipendet til barna med i berekninga av foreldre sitt behov for sosialstønad?

Arbeids- og velferdsdirektoratet har svart på nokre spørsmål om inntektsberekning av barns stipend i foreldra si sak.

Publisert 28.01.2025

Vi behandlar frå tid til anna klager på vedtak om økonomisk stønad frå personar som har barn i vidaregåande skule som får stipend frå Lånekassen, eller som kan ha rett til slikt stipend. I desse sakene dukkar det opp ei rekke ulike problemstillingar.  

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har sendt brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet der dei stilte spørsmål knytt til desse problemstillingane, og direktoratet svarte 24. januar 2025. Dette er spørsmåla:

  1. Fell barns moglege rett til stipend frå Lånekassen inn under alle andre moglegheiter som søkaren av økonomisk stønad (foreldra) skal utnytte, jamfør punkt 4.18.1.2 i rundskrivet til sosialtenestelova?
  2. Dersom ja, kan Nav då stille vilkår etter sosialtenestelova § 20 i foreldra sitt vedtak om at barnet skal søke om stipend?
  3. Det er normalt barnet som mottar stipendet, og som får dette utbetalt til sin konto. Har Nav høve til og heimel for å legge til grunn at inntekt som blir utbetalt til barnet blir disponert av foreldra?

Svara med grunngjeving kan du lese i brevet frå direktoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.