Tilsyn med økonomisk rådgjeving
Økonomisk rådgjeving i Nav er tema i eit landsomfattande tilsyn i 2024 og 2025. Vi skal som ledd i dette besøke seks kommunar i Vestland i løpet av våren 2024, og truleg om lag like mange neste år.
Statens helsetilsyn bestemmer kvart år at alle statsforvaltarane skal ha tilsyn med konkrete tema innanfor helse og omsorg, barnevern og sosiale tenester. Vi kallar det landsomfattande tilsyn fordi det i løpet av tilsynsperioden vert gjennomført tilsyn med same tema over heile landet, og Helsetilsynet oppsummerer tilsynsfunna samla for heile landet.
Temaet for det landsomfattande tilsynet for sosiale tenester i 2024 og 2025 er om Nav-kontora tilbyr økonomisk rådgiving til personar som er i en vanskeleg økonomisk situasjon.
Kva skal vi undersøke?
Vi skal undersøke om Nav-kontoret:
- gjer tenesta økonomisk rådgiving tilgjengeleg
- gjer skriftleg vedtak om tenesta, og startar opp tenesta i rett tid
- sørger for ei forsvarleg oppfølging av tenesta økonomisk rådgjeving.
Korleis gjennomfører vi tilsynet?
Vi gjennomfører kvart tilsyn i tråd med rettleiaren frå Helsetilsynet. Denne finn du under «Lenkjer».
I korte trekk vil vi
- snakke med personar som har fått tenesta
- be om at kommunen gjennomfører ei eigenrapportering om korleis dei styrer arbeidet med tenesta
- gå gjennom styringsdokument, vedtak og brukarsaker
- besøke kommunen/Nav-kontoret, der vi intervjuar tilsette og leiarar, og til slutt presenterer funna våre i et oppsummerande møte
- skrive rapport, der vi skildrar lovkrava som kommunen må følge, praksisen vi har sett i kommunen, og vurderinga vår av om praksisen er i tråd med lovkrava
Dersom vi konkluderer med at praksisen er i tråd med lovkrava, avsluttar vi tilsynet.
Dersom vi konkluderer med at praksisen ikkje er i tråd med lovkrava, vil vi følge opp kommunen fram til praksisen er endra.
Kva for kommunar skal vi føre tilsyn med?
I år fører vi tilsyn med kommunane Høyanger, Kvam, Osterøy, Stad, Sogndal og Bergen.
Vi har ikkje bestemt kommunar for 2025 enno. Dette vert bestemt i november.
For oversikt over alle planlagde og gjennomførte tilsyn, sjå tilsynskalenderen som du finn under «Lenkjer». Tilsynsrapportane blir lagt ut der og på nettsidene til Helsetilsynet.