Tenesta økonomisk rettleiing: Kva hjelp kan ein få og kven kan ha rett på tenesta?

Økonomisk rettleiing er ei teneste Nav har plikt til å tilby dei som treng det etter sosialtenestelova § 17. Tenesta kan omfatte alt frå budsjettrettleiing til hjelp med å forhandle med kreditorar om gjeld.

Publisert 05.09.2024

Formålet med tenesta er å førebyggje økonomiske problem, søkje å løyse akutte økonomiske problem,  og å bidra til å finne heilskaplege og varige løysingar. Ein har difor rett på tenesta økonomisk rettleiing sjølv om ein ikkje mottar andre tenester frå Nav eller enno ikkje har kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det skal vere låg terskel for å få tenesta, og hjelp til sjølvhjelp er eit grunnleggjande prinsipp for tenesta sitt innhald. Kor mykje hjelp den enkelte treng er avhengig av sakas art og kva rådsøkjar klarar sjølv.

Kva type rettleiing kan ein få?

Ein kan til dømes frå hjelp med:

  • budsjett
  • klage på utleggstrekk
  • betalingsutsetjing
  • nedbetalingsavtale/splitte opp rekningar
  • oversikt over gjeld

Lista er ikkje uttømmande.

Kven kan ha rett på tenesta økonomisk rettleiing?

Alle som er i Noreg har rett til å søke om å få vurdert sitt behov for tenesta opplysning, råd og rettleiing. Dette gjeld ogso personar som har avgrensa rettar, altso dei som ikkje er norske statsborgarar og utan tilknyting til Noreg, og dei som oppheld seg her ulovleg. Dette kjem fram av forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg, som er vist til i rundskrivet til sosialtenestelova under § 2 om verkeområdet til lova.

Det er hjelpebehovet til rådsøkande som er avgjerande for om vedkommande har rett til tenesta. Nav må vurdere kva slags rettleiing han eller ho har behov for når det gjeld til tema, innhald, omfang og grad av individualitet. Tenesta opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17 er noko meir enn generell rettleiing, då tenesta er meir individuell og ofte meir omfattande. Generell rettleiing, som Nav har plikt til å gi etter forvaltningslova § 11, skal det ikkje gjerast vedtak på.

Til dømes kan dei som er bekymra for å få økonomiske vanskar/kome i ein vanskeleg situasjon, dei  som har gått ned i inntekt eller fått auka utgifter, dei som har betalingsvanskar av ulike grunnar, dei som ønskjer å klage på utleggstrekk eller treng hjelp med forhandling av gjeld ha rett på tenesta. Sårbare situasjonar som kan føre til økonomisk bekymringar kan til dømes vere overgang frå sjukepengar til arbeidsavklaringspengar, frå lønnsinntekt til dagpengar, frå ungdom til vaksenlivet og utskriving frå institusjon og fengsel. I tillegg kan endringar i familiesituasjon og samlivsbrot vere overgangar som gjer at nokon har behov for tenesta. Dei som er særleg utsett er personar som har psykisk og fysisk sjukdom.

Det kan vere personar i ulike livssituasjonar som har behov for tenesta. Til dømes både dei som er i full jobb og dei som er utan arbeid, og både dei som ikkje har andre saker hos Nav og dei med aktiv sak hos Nav på andre område, og de med verje. Det kan også vere både personar med og utan helseutfordringar. Poenget er at det er sjølve behovet er avgjerande og at hjelpa blant anna skal førebyggje økonomiske problem. Tenesta har difor ei vidare målgruppe enn dei andre tenestene i sosialtenestelova, som i hovudsak rettar seg mot dei vanskelegstilte. Dette betyr at ogso dei som er i introduksjonsprogrammet og dei som får hjelp av Nav med forvaltning av pengar, både frivillig og ved tvang, har rett på denne tenesta viss dei har behov for individuell rettleiing. Det kan vere desse treng hjelp med budsjett, betale rekningar sjølv, klage på utleggstrekk eller søkje gjeldsordning.

Kva betyr det at hjelp til sjølvhjelp er eit grunnleggjande prinsipp for tenesta sitt innhald?

Nav si involvering i rådsøkande si sak skal variere ut frå vedkommande sine ressursar og kompleksiteten i saka. Tenesta skal styrke den einskilde si moglegheit for å meistre eigen livssituasjon, difor er det viktig at rådsøkande deltar aktivt og involverer seg.

Dette betyr at viss ein treng hjelp med å klage på utleggstrekk so kan Nav vise korleis ein kan klage digitalt. For ein som til dømes ikkje har BankID, so kan Nav vise korleis vedkommande klage ved å skrive eit brev. Nokon treng hjelp med å setje opp eit budsjett saman med rådgjevar i Nav, andre kan lage forslag til budsjett heime og gå igjennom det med rådgjevar etterpå.

For at Nav skal kunne hjelpe med å førebyggje eller løyse sosiale problem rådsøkjar har i livet sitt, må han eller ho ha både evne og vilje til deltaking og endring. Vedkommande må både vere i stand til, og ha eit ønskje om, å delta aktivt og gjere dei endringane som er nødvendig ut frå eigne føresetnadar. Nav kan difor avslå eller avslutte tenesta i dei tilfella vedkommande ikkje viser vilje til å følgje opp foreslegne tiltak, eller ikkje bidreg med eigeninnsatsen Nav vurderer at ho eller han er i stand til.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar