Korleis kan økonomisk rådgjeving hjelpe personar med gjeldsproblem?

Personar som har problem med gjelda si, kan få økonomisk rådgjeving (gjeldsrådgjeving) frå Nav-kontoret. Formålet er å styrke rådsøkjarens moglegheiter til å handtere gjelda.

Publisert 18.12.2024

Det klare utgangspunktet er at ein må betale tilbake alt ein skuldar. Ein økonomisk rådgjevar i Nav har difor ikkje myndigheit til å krevje at nokon som en person skuldar pengar til (ein kreditor), skal slette kravet sitt (gjelda). Rådgjevaren kan likevel hjelpe personen med å få oversikt over gjelda, betale gjelda på ein hensiktsmessig måte eller undersøke om heile eller deler av gjelda kan bli sletta.

Få oversikt

Det første steget i rådgjevinga Nav gir til ein person med gjeldsproblem, er som regel å få ei oppdatert oversikt over gjelda. Rådgjevaren kan hjelpe til med å finne ut kor mykje personen skuldar, kven vedkommande skuldar pengar, og kor mykje det kostar å late vere å betale gjelda.

Oversikta, og rådsøkjarens ønskjer, behov og ressursar, dannar grunnlaget for den vidare rådgjevinga, og kva for tiltak det er hensiktsmessig å prøve.

Betale gjeld etter evne

Éi løysing er å betale så mykje av gjelda som ein klarar, samtidig som ein held av nok pengar til å forsørge seg sjølv og familien sin. Pengane ein har til overs, kan for eksempel fordelast slik at

  • kreditoren med det største kravet får mest (forholdsmessig)
  • alle kreditorane får det same beløpet (flatt)
  • den dyraste gjelda blir betalt først (skredmetoden)
  • dei minste krava blir betalt først (snøballmetoden)
  • ein betalar sikra gjeld først

Dersom rådsøkjaren behandlar kreditorane rettferdig (eller som lova seier det: «ikke utilbørlig begunstiger» nokon av dei), hindrar det dei fleste kreditorane frå å ta utleggstrekk i inntekta. Dette gjeld ikkje for kreditorar med krav som er prioritert i dekningslova § 2-8 første ledd (blant anna barnebidrag, bøter og skatt).

Endre gjelda

Gjeldsproblem betyr som regel at ein ikkje har nok pengar til å betale all gjelda til rett tid. Rådgjevinga kan difor gå ut på å endre rådsøkjaren sine forpliktingar, for eksempel ved å

  • klage på utleggstrekk som er for høge
  • be om å få utsett frist for å betale noko av gjelda (betalingsutsetting, avdragsfriheit og liknande)
  • auke eit lån eller ta opp et nytt lån for å betale heile eller delar av gjelda (refinansiering, for eksempel i eit startlån)
  • inngå ein nedbetalingsavtale med éin av, fleire av eller alle som ein skuldar pengar

Redusere eller slette gjelda

Som hovudregel må ein betale tilbake alt ein skuldar. I nokon tilfelle kan rådsøkjaren likevel sleppe å betale heile eller delar av gjelda. Det vil først og fremst vere dersom vedkommande blir einig med kreditorane om det, for eksempel gjennom å

  • betale ein eingongssum, mot å få sletta resten av gjelda (eingongsoppgjer, ofte kalla akkordløysing)
  • inngå ein avtale om at renter og gebyr blir sletta helt eller delvis, med éin av, fleire av eller alle ein skuldar pengar
  • inngå ein nedbetalingsavtale om å betale så mykje ein kan i en periode, mot å få sletta resten av gjelda (ofte kalla utanrettsleg gjeldsordning)

Det er også nokon situasjonar der ein kan ha rett på å få redusert eller sletta gjelda si. Det gjeld blant anna studielån viss ein blir ufør eller får låg arbeidsinntekt. Sjå Nav si nettside om økonomisk rådgjeving, for ei oversikt over fleire slike situasjonar.

Gjeldsordning

Personar som har så alvorlege gjeldsproblem at dei er varig ute av stand til å betale gjelda si, kan ha rett på gjeldsordning. Ei gjeldsordning går ut på å betale så mykje som mogeleg av gjelda i en gitt periode (ofte fem år), mot å få sletta resten av gjelda etterpå.

Det er namsmannen som behandlar søknader om gjeldsforhandlingar etter gjeldsordningslova. Meir informasjon om gjeldsordning finn du på politiet si nettside om gjeldsordning.

 

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med Statsforvalteren i Trøndelag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.