Budsjettrettleiing kan vere ei teneste etter sosialtenestelova

Ein treng ikkje ha gjeld for å få økonomisk rettleiing etter sosialtenestelova paragraf 17, Nav kan hjelpe med mykje meir enn gjeldskartlegging.

Publisert 30.10.2024, Sist endra 18.12.2024

Formålet med tenesta er å førebyggje økonomiske problem, søkje å løyse akutte økonomiske problem,  og å bidra til å finne heilskaplege og varige løysingar. Ein har difor rett på tenesta økonomisk rettleiing sjølv om ein ikkje mottar andre tenester frå Nav eller enno ikkje har kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det skal vere låg terskel for å få tenesta, og hjelp til sjølvhjelp er eit grunnleggjande prinsipp for tenesta sitt innhald. Kor mykje hjelp den enkelte treng er avhengig av sakas art og kva rådsøkjar klarar sjølv.

Budsjettrettleiing

Budsjettrettleiing handlar om å få hjelp til å få oversikt over utgifter og inntekter, og å få tips om kva ein kan gjere for å få redusert utgiftene og auke inntekta. Ein kan ogso få rettleiing om korleis ein kan klare å betale rekningane sine i tide ved å ha eit godt system i nettbanken og sikre at ein har nok pengar til rekninga forfell. I tillegg kan ein få rettleiing om korleis å sikre at ein har nok pengar til å dekke andre utgifter enn rekningar, korleis redusere forbruket sitt eller endre forbruksvanar.

Kva med dei som har brukt opp sparepengane sine og er bekymra for kva som kjem til å skje? Budsjettrettleiing kan vere aktuelt ogso for desse. I tillegg kan det vere aktuelt for dei som i utgangspunktet skulle klart seg, men likevel ikkje klarar å betale alle rekningane sine, går tom for pengar før neste lønnsutbetaling, eller tykkjer det er vanskeleg å betale rekningar fordi inntekta kjem kvar fjortande dag. Nokon av desse søkjer økonomisk stønad i akutte situasjonar sjølv om dei eigentleg skulle hatt nok inntekt til å klare seg. Då kan budsjettrettleiing vere god hjelp for å klare å meistre livet.

Budsjettrettleiing kan ogso vere aktuelt for dei som har gjeld, for å hjelpe dei å setje av pengar til nedbetalingsavtalar med kreditorar. I tillegg kan budsjettrettleiing vere aktuelt viss nokon planlegg å forhandle fram ein utanrettsleg gjeldsordning eller ønskjer å søkje om offentleg gjeldsordning. Då er det viktig at viss dei har eit overskot som skal fordelelast til kreditorane, so må dei klare å setje det av slik at dei held si del av avtalen om gjeldsordning.

Rettleiing med økonomien etter sosialtenestelova paragraf 17 kan altso vere aktuelt for mange, i ulike situasjonar, og utfordringane treng ikkje å ha vakse seg svært store før ein kan ha rett til hjelp frå Nav.

 

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med Statsforvalteren i Trøndelag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.