Kurs for LIS1 hausten 2019
Startar du som LIS1 i kommunehelsetenesta 1. september 2019?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Under vil du finne oversikt over kurs for deg som skal vere LIS1 i Sogn og Fjordane og Hordaland (Vestland). Kurset i offentleg helsearbeid er også ei samling for fysioterapeuter og kiropraktorar som er i turnus.
Program, påmeldingsskjema og dato kjem så snart dette er klart.
- Kurs i nødnett 10. september kl. 18-21 ved Førde sentralsjukehus
- Kurs i akuttmedisin for legar og anna helsepersonell som som har legevakt 09.-10. september
- Kurs i akuttmedisin for LIS 1 som har kommunehelseteneste i ein kommune som soknar inn under Helse Førde 11.-12. september. (Det er dette kurset som LIS 1 skal melde seg på).
- Kurs i akuttmedisin for LIS 1 som har kommunehelseteneste i kommunar under Helse Fonna og Helse Bergen (Nordhordland legevakt). 9.-10. september
- Første grupperettleiing på Leikanger 2. oktober
- Kurs i offentleg helsearbeid for LIS 1 i Sogn og Fjordane og Hordaland på Leikanger 03.-04. oktober, Leikanger
- Andre grupperettleiing, Florø 29.01.2020-30.01.2020
Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde vil legge til rette for at dei som tek akuttmedisinkurset i Førde får kurs i nødnett før dei byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 10. september. Dette må kommunane sjølv dekke. Arrangøren vil sende ut faktura i etterkant av kurset.
Sogn og Fjordane legeforening vil arrangere kurs i normaltariffen 16.09.2019 på Thon Hotel Jølster. Dette er eit kurs som kommunane må dekke. Meir informasjon om påmelding og program kan du finne i informasjonsskriv frå legeforeninga til høgre.
Meir informasjon og program med lenkje til obligatorisk forkurs vil du finne i informasjonsskrivet frå kursleiar Norleiv Helgheim, Helse Førde (telefon 95 22 07 49) i høgremargen. Forkurset må ein ta før den praktiske delen av kurset tek til.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42 -
Tove Briseid Tjugum
Tlf: 57 64 31 81