Samordning mellom kvalifiseringsstønad og lærlingløn

Lærlingar som fyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29, kan delta i kvalifiseringsprogram. Korleis skal Nav då samordne lærlingløna med kvalifiseringsstønaden?

Publisert 20.01.2025

Samordning mellom kvalifiseringsstønad og løn er regulert i sosialtenestelova paragraf 37, som seier at når ein deltakar i kvalifiseringsprogram har inntektsgivande arbeid eller lærlingløn, blir stønaden redusert ut frå talet på timar med inntektsgivande arbeid eller gjennomføring av læretid.

Konsekvens av reduksjon time for time

Ein lærling er under opplæring, men står samtidig for ei verdiskaping i bedrifta. Lærlingløn baserer seg difor på ein prosentsats av fagarbeidarløn. Lærlingar skal i snitt ha 50 prosent av fagarbeidarløn fordelt over dei to åra hen er i bedrifta.

Dersom ein deltakar får lærlingløn for 37,5 timar per veke, vil dette føre til at kvalifiseringsstønaden blir sett til null. Dette er fordi stønaden blir redusert time for time, basert på talet på arbeidstimar eller læretid, og ikkje kor mykje vedkommande har i løn.

Ettersom lærlingløna er lågare enn ordinær løn, vil nokre lærlingar få for lite inntekt til å klare seg. Nav må gjere ei konkret vurdering av personens behov for stønad etter sosialtenestelova paragrafane 18 og 19 for dei som søkjer om dette.

Endring hjå Statsforvaltaren i Vestland

Vi har i opplæring for Nav-kontora gitt rom for ein praksis der Nav reduserer kvalifiseringsstønaden basert på prosentdelen som svarar til verdiskapinga til lærlingen. Arbeids- og velferdsdirektoratet har kome fram til at denne modellen ikkje er i tråd med sosialtenestelova fordi det er talet på timar på jobb som er avgjerande. Vi endrar difor rettleiinga om dette tema framover. 

Du kan lese brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet ved å klikke på lenkja under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.