Startar tilsyn med Helse Førde og kommunehelsetenesta i Flora
Fylkesmannen i Vestland startar tilsyn med kommunehelsetenesta i Flora og Helse Førde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.11.2019
I tilsynet vil vi undersøke om, og korleis helsetenestene har vore inne i saka der ein mann er sikta for å ha drepe ei kvinne. Hendinga skjedde i Florø fredag 15. november.
Vi har ingen konkret mistanke om svikt, men alvoret i saka gjer at vi vil undersøke kva rolle helsetenesta har hatt.