Estetisk medisin er eit risikoområde
Ein nyleg tilsynsrapport frå Sverige peikar på fleire område med risiko for svikt i kosmetiske medisinske behandlingar. Vi kjenner att desse risikoområda i vårt arbeid. Lovkrava til helsepersonell gjeld også innanfor estetisk medisin, og lovbrot kan føre til alvorleg personskade.
Dei siste åra har estetisk medisin vore i eksplosiv vekst. Kosmetiske medisinske behandlingar fører òg med seg risiko. Vi ser ein vekst i både talet på verksemder og type behandlingar som vert tilbydd.
Det same lovverket gjeld for helsepersonell som gjev behandling innafor estetisk medisin, som innafor andre helseområde. Det er krav til kompetanse, forsvarlegheit, dokumentasjon, pasientinformasjon og krav til styring og leiing av slike verksemder. Tilsynsmynda følgjer også med på dette området.
Rapport peikar på årsaker til svikt og risiko
Sverige sitt svar på Helsetilsynet; Inspektionen för vård och omsorg (IVO) publiserte nyleg ein rapport med resultatet av to års tilsyn med 86 verksemder som utfører estetiske inngrep og behandlingar. Tilsynet viser at det er mange useriøse aktørar på marknaden, og at alvorleg svikt er ein fare for pasienttryggleiken.
Ifølgje rapporten har feila har vore så omfattande og alvorlege at pasientar har vore utsett for stor risiko. Dette har til dels ført til alvorleg helseskade, og i dei verste tilfella til dødsfall.
Rapporten konstaterer følgjande tilhøve som hyppigaste årsaker til svikt og risiko:
- Personalet har ikkje naudsynt kompetanse til oppgåvene dei utfører
- Legemiddel vert handsama feil og på risikabelt vis
- Helsehjelpa vert ikkje journalført
- Grunnleggjande hygienerutinar vert ikkje følgde
- Pasientar får ikkje alltid rett informasjon
- Verksemdene har ikkje system for kvalitetsforbetringsarbeid
- Kirurgiske estetiske verksemder har færre, men alvorlegare feil
Bekymra for marknadsføring mot mindreårige
Ut frå sakene vi behandlar i Vestland kjenner vi att dei utheva risikoområda. I tillegg til dei områda som er nemnt over, er vi òg spesielt bekymra for marknadsføring mot mindreårige.
Til dei som driv med slik behandling vil vi gjere merksam på at lovgjevinga knytt til kosmetisk medisinsk behandling er skjerpa dei seinaste åra. Dette gjeld særleg lovverket rundt injeksjonar. Les meir i rundskrivet frå Helsedirektoratet.
Helsepersonell er alltid ansvarleg for å gje forsvarlege tenester. I tillegg har også leiar av slike verksemder, og legen som står som fagansvarleg, eit særskild ansvar for å sikre at tenestene er trygge.
Statsforvaltaren i Vestland samarbeider med andre statsforvaltarar, Helsetilsynet, Direktoratet for medisinske produkter, Mattilsynet og Forbrukertilsynet i desse sakene.