Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod
Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2025. Søknadsfrist er 1. mars.
Tilskotet skal støtte kommunane sitt arbeid med å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon, og til at målgruppene lærer å meistre livet med sjukdom. Ordninga skal støtte opp om arbeid med å skape like moglegheiter til å delta i verdiskaping.
Dei kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilboda skal sørge for førebyggjande og helsefremjande tenester av god kvalitet, og vere ein samarbeidspartner i kommunen sitt folkehelsearbeid.
Meir informasjon om prioriteringar, krav til søknad og søknadsskjema finn de på nettstaden til Vestland fylkeskommune: Frisklivs- lærings og meistringssenter - Vestland fylkeskommune
Les meir om rolla til Frisklivssentralane i Helsedirektoratet sin rettleiar.