Ny opptrappingsplan for barn og unge si psykiske helse
Barn og unge mellom 0-25 år skal oppleve god psykisk helse og god livskvalitet, og dei som treng det skal få eit godt behandlingstilbod.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er målsettinga i Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019-2024), som inneheld både helsefremjande, førebyggande og behandlingsretta tiltak for alle barn og unge mellom 0 til 25 år.
Helsefremjande og førebyggande mål
Fleire barn og unge rapporterer om psykiske plager og lidingar, negativt stress, kroppspress og einsemd. Ei rekke helsefremjande og førebyggjande mål er sett opp for å møte dette utfordringsbildet. Desse måla handlar om eit samfunn som fremjar barn og unge si psykiske helse og livskvalitet, og reduserer sosiale forskjellar. Ein familie og oppvekst der barn og unge opplever omsorg og tryggleik, og eit leike- og læringsmiljø som fremjar barn og unge si livsmeistring og god psykisk helse. Ein trygg digital kvardag og auka kunnskap om betydninga av levevanar for barn og unge sine psykiske helse og livskvalitet er også mål i planen.
Tidleg innsats
Støtte og hjelp på eit tidleg tidspunkt kan bidra til å førebyggje at problem veks seg så store at den enkelte vil trenge meir omfattande hjelp seinare i livet. Planen rettar merksemda på den tidlege innsatsen når det oppstår bekymring for eit barn, ein ungdom eller familien. Her er måla at familiestøttande tiltak skal settast inn tidleg. Barnehage og skule skal vidareutvikle sin kompetanse og handle tidleg. Og fleire unge skal komme seg raskt over i utdanning, aktivitet og arbeid.
Hjelp for støtte og behandling
Eit mål i planen er at barn og unge skal bli høyrt, vere med å sette mål i samarbeid med tenestene og delta i tenesteutvikling. Barn og unge med psykiske plager og lidingar skal få hjelp som er tilpassa deira behov og ønske, og dei skal bli møtt av kunnskapsbaserte tenester.
Behov for meir kunnskap
Som ei oppfølging av regjeringa sin strategi for god psykisk helse, Mestre hele livet, har Helse- og omsorgsdepartementet gitt Norges forskingsråd i oppdrag å gjennomgå forskingsaktiviteten, forskingsaktørar og ressursar innanfor psykisk helse. Mål i opptrappingsplanen er auka kunnskap som styrker barn og unge si psykiske helse og livskvalitet, og styrka kompetanse og leiing.