Handlingsplan skal gjere det enklare å vere aktiv
Målet med den nye handlingsplanen er eit meir aktivitetsvenleg samfunn som gjer at ein større del av befolkninga er meir fysisk aktive.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helsemyndigheitene tilrår vaksne å vere fysisk aktive minst 150 minutt i veka, men berre tre av ti vaksne er så aktive. Barn og unge bør vere fysisk aktive i minst 60 minutt dagleg, men berre halvparten av 15-åringane er så aktive. Aktivitetsnivået fell jo eldre barna blir, og nedgangen startar allereie i niårsalderen.
I Sammen om aktive liv - Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020-2029 er måla:
- Eit meir aktivitetsvenleg samfunn der alle uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn får moglegheita til bevegelse og fysisk aktivitet
- Delen av befolkninga som oppfyller helsemessige tilrådingar om fysisk aktivitet er auka med 10 prosentpoeng innan 2025 og 15 prosentpoeng innan 2030
Betre tilrettelegging for fysisk aktivitet og ei meir aktiv befolkning vil bidra til oppfylling av dei nasjonale folkehelsemåla. Norge har tre nasjonale hovudmål på folkehelseområdet:
- Norge skal vere blant dei tre landa i verda med høgst levealder
- Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og reduserte sosiale helseforskjellar
- Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga.