Folkehelse i arealplanlegging - klargjering av motsegnspraksis
Helsedirektoratet har utarbeidd eit dokument med sentrale folkehelseomsyn som skal takast vare på i arealplanlegginga. Manglande ivaretaking av dei kan vere grunnlag for motsegn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prinsipp, kriterium og viktige tema knytt til interesser av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar har vesentleg betydning på folkehelseområdet, er skildra og omtalt i dokumentet. Desse skal leggast til grunn ved vurdering av planforslag. Det gjeld mellom anna bukvalitet og universell utforming, barn og unge, lokal sosial berekraft og fysisk aktivitet.
Føremålet med dokumentet er å vise kva folkehelseomsyn staten meiner skal takast vare på i den kommunale arealplanlegginga. Dette vil bidra til ein meir heilskapleg forvaltningspraksis, og vere meir føreseieleg for kommunal arealplanlegging. Dokumentet skal leggast til grunn for motsegnspraksis på folkehelseområdet.
Sjå også Helsedirektoratet sin fullstendige rettleiar til eit systematisk folkehelsearbeid.