Fleire manglar den raude tråden i folkehelsearbeidet

Det systematiske folkehelsearbeidet blir ofte illustrert med dette hjulet. Illustrasjon henta frå Helsedirektoratet.

Tilsynet om det systematiske folkehelsearbeidet i Vestland viser at mange kommunar har merksemd på barn og unge si psykiske helse, men at det manglar ein del i det systematiske arbeidet. 

Publisert 09.01.2025

I 2024 har statsforvaltarane ført tilsyn med kommunane sitt systematiske folkehelsearbeid for å fremje barn og unges psykiske helse.

Den nasjonale rapporten frå det landsomfattande tilsynet viser at det er rom for forbetring. Mange manglar ein raud tråd i arbeidet, trass i stor merksemd på temaet. Du kan lese den nasjonale rapporten hos Statens helsetilsyn: Mangler en rød tråd i arbeidet med barn og unges psykiske helse | Helsetilsynet

Funn frå Vestland

I tilsynet har alle 43 kommunane i Vestland svara på ei kartlegging. I tillegg besøkte vi tre kommunar for djupneintervju. Vi hadde også samtalar med barn og unge i desse kommunane.

Djupneintervjua avdekte at kommunane ikkje hadde alle delane på plass i det systematiske folkehelsearbeidet. Vi møtte engasjerte ungdomsråd i kommunane, og fekk inntrykk av at barn og unge kjenner at dei blir høyrt og teke med på råd i saker som gjeld dei. 

Alle rapportane frå tilsynet kan du lese på heimesida til Statens helsetilsyn: Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge | Helsetilsynet

I tilsynet har vi undersøkt om kommunen har ei oppdatert oversikt over helsetilstanden til barn og unge. Vidare har vi undersøkt om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak, og evaluert.

Systematisk folkehelsearbeid startar med ei god oversikt

I kartlegginga våren 2024 svarte 41 kommunar at dei har utarbeidd folkehelseoversikt, og 42 kommunar har identifisert faktorar knytt til barn og unges oppvekst- og levekårsforhold som kan påverke deira psykiske helse. Dei tre viktigaste identifiserte faktorane blant kommunane i Vestland er:

  • utanforskap og einsemd
  • psykososialt skulemiljø
  • sosial ulikskap

Kommuneoverlegen var med å utarbeide folkehelseoversikt i 34 kommunar. Sektorar som elles er med å utarbeide folkehelseoversikta er (talet kommunar som har hakar av for dette i parentes): Helse (39), fritid/kultur (33)  kommune- eller byplanleggjar (32), skule (32), barnehage (31), sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) (23).

Forankring i planverk og tiltak

Nesten alle kommunane drøftar barn og unges oppvekst- og levekårsforhold i kommunens planar etter plan- og bygningslova. Nesten alle har også fastsett overordna mål og strategiar i planane som er eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unges psykiske helse. Ikkje alle byggjer tiltaka på hovudutfordringane som er identifisert i oversiktsdokumentet til kommunen.

Over halvparten av kommunane svarar at dei let barn og unge medverke eller vere involvert i planarbeid gjennom barne- og ungdomsråd eller ungdommens bystyre. Andre fora er opne høyringar, samtalar med skuleklasser, elevråd, gjestebod og anna.

Halvparten av kommunane evaluerer 

Halvparten av kommunane i Vestland evaluerer det systematiske folkehelsearbeidet sitt. 39 kommunar nyttar indikatorar for å følgje med på barn og unges psykiske helse. Berre 14 kommunar har internkontroll med folkehelsearbeidet for å sikre at kommunen følgjer føresegnene i §§ 5, 6 og 7 i folkehelselova i praksis.

Spørsmål til diskusjon internt i kommunane

I tilsynet har vi oppmoda kommunane om å sette seg saman tverrsektorielt og tverrfagleg for å svare på kartlegginga, og i møter med oss i tilsynet. Tilsynet er no avslutta frå Statsforvaltaren si side, men vi oppmodar kommunane om å diskutere følgjande spørsmål internt:

  1. Helsetilsynet peikar spesielt på punkta under som viktige føresetnader for eit godt folkehelsearbeid i kommunane. Har vi dette på plass i vår kommune? Korleis kan vi forbetre oss?​
  • Tydeleg struktur og organisering av folkehelsearbeidet​
  • Tverrfagleg og tverrsektoriell deltaking i folkehelsearbeidet​
  • Folkehelsearbeidet er forankra i leiinga​
  • Avsett nødvendige ressursar til arbeidet ​
  • Tydeleg raud tråd ​
  1. Kva skal til for å vi skal jobbe betre og meir treffsikkert med folkehelsearbeidet retta mot barn og unges psykiske helse?

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.