Barnehagen kan bidra til gode kosthaldsvanar
Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i barnehagen skal bidra til at barn i heile landet får eit likare tilbod om mat og drikke, som kan bidra til utjamning av sosiale skilnader.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barnehagen famnar barn på tvers av sosiale skiljelinjer og kulturell bakgrunn, og har eit ansvar for å utjamne sosial ulikskap i mellom anna kosthald. I Noreg går 9 av 10 barn i alderen 1-5 år i barnehage, og måltida i barnehagen er ein vesentleg del av barnehagebarna sitt daglege inntak av mat og drikke, anten maten blir servert eller den er teken med heimanfrå.
Mat og måltid i barnehagen har derfor stor betydning for barnas kosthald, matvanar og helse. Kosthaldsvanar blir etablert tidleg i livet, og barnehagen som universell arena har eit stort ansvar for å bidra til å etablere gode kostvanar, og såleis til folkehelsa.
Retningslinja er eit hjelpemiddel barnehagen kan bruke til å kvalitetssikre mat og måltida i barnehagen. Anbefalingane tek mellom anna føre seg måltidsfrekvens, innhald, etemiljø, særlege behov og miljøvenleg praksis.