Alle barnehagar bør prioritere mattilbod under koronapandemien
Barnehagar som no ikkje har noko mattilbod bør prioritere å servere grønsaker, frukt og mjølk, og ha eit tilbod til barn som har gløymt matpakke.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mange stadar har koronapandemien ført til full stopp i matserveringa i barnehagane. Smittevernrettleiaren for barnehagen set ikkje store avgrensingar på matservering. Helsedirektoratet oppfordrar no barnehagane om å finne praktiske løysingar slik at barna får eit dagleg tilbod med nokre av dei viktigaste matvarene.
Områder som blir ramma hardast av korona, er ofte blant områda med størst sosial ulikskap i helse. Derfor er eit mattilbod ekstra viktig i desse områda. Servering av grønsaker, frukt og mjølk, ved sidan av den medbrakte maten, kan bidra til større variasjon, inntak av fleire næringsstoff og å redusere forskjellane mellom barnas kosthald.