Helse, omsorg og sosialtenester

Oppdatert 18.11.2024

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

26.03.2025

Alle barn og unge skal kunne delta i fritidsaktivitetar

Vi oppmodar kommunane i fylket om å utvikle lokale fritidserklæringar, slik at fleire barn og unge kan delta og medverke i fritidsaktivitetar.


20.03.2025

Nytt vaksenvaksinasjonsprogram

Kommunane kan sende høyringssvar på forslag til endringar i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram innan 24. mars.


19.03.2025

Trivselsvaktmeister i bustadsosialt arbeid

Prosjektet «Trivselsvaktmeister i tverrfagleg team» ved Nav Kvam har hatt tilskot frå ordninga med tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav. I denne saka kan du lese litt om prosjektet.


17.03.2025

Nytt e-læringskurs om likestilling, mangfald og menneskerettar

Kurset er spesielt utvikla for tilsette som koordinerer eller følgjer opp arbeidet med likestilling, mangfald, menneskerettar eller sosial berekraft i kommunar og andre deler av offentleg sektor.


14.03.2025

Rettleiar om lokalt psykisk helse- og rusarbeid for vaksne

Helsedirektoratet har oppdatert rettleiaren om psykisk helse- og rusarbeid for vaksne med nye tilrådingar.


14.03.2025

Avslutning av kvalifiseringsprogram

Skal Nav alltid gjere stoppvedtak etter sosialtenestelova paragraf 34, når ein deltakar avsluttar kvalifiseringsprogrammet og programmet ikkje blir forlenga?


11.03.2025

Tildeling av tilskot til utvikling og forbetring av sosiale tenester

Vi har tildelt 17 250 000 kroner til 26 stillingar i 15 utviklingsprosjekt i Nav-kontora i Vestland.


07.03.2025

Tilskot til legevakt i små kommunar

Målet med tilskotet er å bidra til betre rekruttering og redusert vaktbelastning i legevaktordninga i kommunar med særlege rekrutteringsutfordringar. Søknadsfristen er 31. mars 2025.


28.02.2025

Rettleiar om tilsetting av helsepersonell

Rettleiaren tek føre seg ansvaret til arbeidsgjevar og til helsemyndigheitene, og har eit tillegg om språkkompetansen til helsepersonellet.


28.02.2025

HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet

HPV-vaksinen Cervarix skal framleis nyttast i barnevaksinasjonsprogrammet. Folkehelseinstituttet arrangerer webinar om vaksinen, som det også er mogeleg å sjå i etterkant.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel