Kongeparet besøker Flåm, Hyllestad og Florø
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøker Vestlandet frå 15. til 17. juni. Kongeparet reiser med Kongeskipet Norge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.06.2021
Kongeparet besøker Flåm tysdag, Hyllestad onsdag, og Florø torsdag. Dei ønskjer å lære meir om korleis lokalsamfunna har handtert den pågåande pandemien og kva erfaringar dei har gjort seg.
Informasjon til pressa
På kvar av stadene er det lagt opp til eit program på halvannan time, med den lokale ordføraren som vert. Nærare informasjon til pressa kjem i løpet av neste veke. Det er lagt opp til at media kan dekke besøka i tråd med gjeldande smittevernreglar, og det blir brukt pool i delar av programmet.