Opningstider i sommar

Her finn du informasjon om opningstidene våre i sommar. Hugs å bestille time dersom du treng apostille i løpet av sommaren. I veke 30 og 31 vil det berre vere mogleg å få apostille i Bergen.

Publisert 27.06.2024

Dette gjeld ved dei ulike kontorstadene våre i sommar

Bergen

For timebestilling til apostille ved kontoret vårt i Bergen, ring 55 57 20 50. Servicesenteret i Bergen tek imot apostillar i tidsrommet 09–14 måndag til torsdag.

Dokument som treng apostillestempel kan også sendast til Postboks 7310, 5020 Bergen. Hugs å skrive returadresse og kva land dokumentet skal brukast i. 

Besøksadresse: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, på Danmarksplass. Bruk inngang frå Michael Krohns gate.

Kontoret vårt i Bergen har elles ope i tidsrommet 09–15 måndag til torsdag, og kl. 09–12 fredag.

Leikanger

For timebestilling til apostille ved kontoret vårt på Leikanger, ring 57 64 30 06. 

I veke 30, 31 og 32 (22. juli–9. august) vil det ikkje vere mogleg å få apostille på Leikanger.

Dokument som treng apostille desse vekene kan alternativt sendast til Bergen. Adressa er: 

Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310, 5020 Bergen.

Om du har avtale med nokon hjå Statsforvaltaren desse vekene, kan du registrere deg på skjermen til venstre for servicesenteret. 

Førde

For timebestilling til apostille ved kontoret vårt i Førde, ring 57 64 30 61 / 57 64 30 65 / 57 64 30 63 / 57 64 30 72. 

I veke 30 (24.–28. juli) og 31 (20. juli–2. august) er kontoret stengt og det vil ikkje vere mogleg å få apostille.

Kontoret vårt i Førde har elles ope i tidsrommet 09–14 måndag til fredag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.